Energidepartementet har på førespurnad frå Stortinget skaffa ei oversikt over all ny kraftproduksjon dei siste 20 åra.

Tabellen (sjå under) viser har det blitt gitt løyve til om lag 38 terawattimar årleg kraftproduksjon sidan 2004.

Berre to gonger har auken vore større enn 4 terawattimar (i 2013 og 2016), og dei siste åra har utviklinga gått mot null.

Stortingsrepresentant for Høgre, Olve Grotle, meiner tala er til forkleining for regjeringa.

– Dette er kraftgrafen Støre-regjeringa ikkje vil vise deg, seier han.

– Fornybar energi er grunnlaget for verdiskaping i heile landet. Skal næringslivet utvikle seg vidare, er vi avhengig av meir kraft raskt. Det blir viktig for ei ny regjering å ta tak i.

– Dette er dramatisk låge tal

Ved nyttår har Noreg fem år på seg til å nå Energikommisjonen målet sitt om nye 40 terawattimar innan 2030.

Ifølge ein ny analyse frå Det Norske Veritas (DNV) vil nasjonen maksimalt greie å auke kraftproduksjonen med 5 terawattimar i løpet av same tidsvindauge.

– Dette er dramatisk låge tal, seier NHO-leiar Ole Erik Almlid til NRK.

I fjor tok NHO og LO initiativ til det såkalla Kraftløftet, som regjeringa slutta seg til.

Formålet er å sikre nok kraft til grøne satsingar i næringslivet, og dessutan «levelege og konkurransedyktige» straumprisar.

– Tabellen viser kvifor dette trepartssamarbeidet er etablert, seier LO-sekretær Are Tomasgard.

Energiminister Terje Aasland presiserer at ikkje-konsesjonspliktig solkraft ikkje er med i datagrunnlaget, og at tabellen derfor teiknar eit ufullstendig bilde.

På den andre sida inneheld oversikta løyve til kraftutbygging som er gitt, men ikkje nytta.

Statsråden legg til at «framover vil produksjonen auke» og at det er «gledeleg å sjå at det nå også er auka interesse for prosjekt om effektoppgraderingar».

Terje Aasland

Energiminister Terje Aasland har trua på meir solkraft i miksen.

Foto: Petter Larsson / NRK

Lunken havvind-respons

Denne veka melde Shell, Eviny, Aker og Lyse at dei ikkje blir med i konkurransen om det flytande havvind-prosjektet Utsira nord.

På same tid gjekk fristen ut for å melde inn bod til utbygging av tre danske havvind-område i Nordsjøen. Da hadde ingen interesserte meldt seg.

DNV konkluderer i sin analyse med at Noreg styrer mot eit kraftunderskot på 10 TWh tidleg på 2030-talet.

Rapporten står i kontrast til ein analyse frå NVE som seier at vi ikkje har kurs for eit snarleg kraftunderskot likevel.

Forklaringa er færre industrietableringar og eit meir «gjerrig» forbruksmønster enn det som tidlegare har vore lagt til grunn.

Stakaldefoss kraftverk er eit vasskraftverk i Sunnfjord kommune i Vestland.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen

– Faktum er at vi ikkje treng denne krafta

«Dogmet» om underskot har vore eit styrande prinsipp i den norske kraftdebatten, og har ført til politiske vedtak om meir vindkraft, meir solkraft og nye skattereglar for å stimulere til meir vasskraftutbygging.

Isak Lekve i den venstreorienterte tankesmia De Facto avviser «skremmebildet» om den kommande kraftkrisa.

I ein ny analyse går han i rette med «alarmistane» som «blåser opp» forventingane til auka forbruk i framtida.

– Det er ein strategi for å auke vår posisjon som råvareprodusent av straum, og redusere vår posisjon som industrinasjon. Det vil eg åtvare mot, seier han.

Han legg til at forteljinga om eit komande kraftunderskot «baserer seg på svært usannsynlege og kontroversielle premissar».

– Dette bør få konsekvensar for det enorme presset på å bygge ut meir vindkraft. Faktum er at vi ikkje treng denne krafta.

Harald Solberg

William Jobling / NRK

Harald Solberg, leiar i Norsk industri

Oversikta viser at det praktisk talt ikkje er gitt konsesjon til vesentleg kraftutbygging dei siste fem åra. Med tanke på den store energiomstillinga og elektrifiseringa av både transport og industri fører dette til at vi går mot kraftunderskot rundt 2030. Dette er ei stor utfordring for den langsiktige konkurranseevna i industrien.

Are Tomasgard

Ole Berg-Rusten / NTB

Are Tomasgard, LO-sekretær

Veksten i produksjonskapasitet dei siste åra er så låg at overskotet vårt blir borte svært raskt. Det er tildelt plass i nettet til eit forbruk som vil fjerne kraft overskotet i løpet av kort viss det kjem. Utfordringa for Noreg er at kraftprisen vil stige som følge av vårt eige auka forbruk. Når overskotet blir mindre, må Noreg importere meir. Noreg treng meir kraftproduksjon.

Ole Erik Almlid, administrerande direktør NHO.

Lars Tore Endresen / NRK

Ole Erik Almlid, NHO-leiar

Når vi har for lite av noko, går prisen opp. At Noreg har for lite kraft, betyr ikkje at det blir mørkt i husa, men at straumprisane vil stige og mange bedrifter vil slite med å få drifta til å bli lønnsame. I verste fall betyr det at bedrifter bukkar under, og at vi mistar arbeidsplassar og levedyktige lokalsamfunn. Eg forventar at dette blir ei viktig sak i valkampen over heile landet.

Øistein Schmidt Galaaen

NRK

Øistein Schmidt Galaaen, direktør for produksjon og berekraft i Fornybar Noreg

Tala viser at mangel på konsesjonar er ein stor barriere for å sikre auka kraftproduksjon. Det har vore krevjande å komme i gang med vindkraft på land etter at konsesjonsbehandlinga stansa i 2019. Næring og myndigheiter har nå felles ansvar for at vi kjem i gang på ein god måte. Regjeringa skal ha honnør for auka ressursar til konsesjonsbehandling og digitalisering.

John Fiskvik, Motvind Norge

NTB

John Fiskvik, styreleiar i Motvind Noreg

Vi ser stadig at DNVs ferske rapport om det grøne skiftet i Noreg blir trekt fram som sanningsvitne i debatten om vindkraft, og som ei løysing på det som blir omtalt som Noregs «kraftkrise». Men kva er denne krisa eigentleg, og kven tener på at ho blir framstilt som nærast uunngåeleg?

Isak Lekve

Leif Rune Løland

Isak Lekve, De Facto

Det er bra at vi har klart å auke produksjonen med eit stort beløp dei siste 20 åra. Det eg derimot er kritisk til er at mange aktørar «blåser opp» forventingane til auka forbruk i framtida, og bruker dette som eit argument for å seie at vi styrer mot «negativ kraftbalanse», og implisitt – at vi må bygge ut meir for å sikre låge prisar og industri. Det stemmer ikkje.

Haakon Barstad

Europower

Haakon Barstad, politisk redaktør i Europower

Det kan verke som om kraftbransjen lever i ei boble med null påverknad på politikarane. I budsjetta finst det ikkje eit einaste forslag som vil styrke kraftutbygginga i vesentleg grad på kort sikt. Det er ein haug av festtale-punkt om kor viktig straum er og halleluja for vasskrafta, men ingen grep som vil forandre utbyggingstakten, verken av kraftproduksjon eller nett.

Rune Skjevdal

Ukjent

Rune Skjevdal, leiar i Norsk Grønnkraft

Vi er alvorleg bekymra for utviklinga i nye løyve innanfor småkraft. Vi har sett ein vesentleg auke i saksbehandlingstid dei siste åra. Ifølge Småkraftforeninga er det gitt 3 nye konsesjonar til småkraftverk dei siste fem åra til saman.

Knut Lockert, daglig leder Distriktsenergi

Fredrik Kveen

Knut Lockert, dagleg leiar i Distriktsenergi

Det er vår oppfatning at dei tiltaka til regjeringa ikkje gir dei voluma av fornybar kraft som vi treng framover. Det gjeld alle energiformer, likevel står det att å sjå i kva grad regjeringa lykkast med satsinga si på havvind.  Med aukande innslag av sol og vind i energimiksen hos oss og handelspartnarane våre blir effektoppgraderingane ekstra viktige.

Bildet er tatt utenfor DNV GLs hovedkontor på Høvik.

NRK

Sverre Alvik, forskingsleiar for energiomstilling i DNV

Tabellen gir ei god oversikt over ny kraftproduksjon. Ikkje konsesjonspliktig solkraft, som det blir referert til, er stor i forhold til konsesjonspliktig solkraft (10x). Den er større enn det vesle som har vore av konsesjonspliktig kraft dei siste fire åra, men liten (under 2 %) av den totale nye kraftproduksjonen i 20-årsperioden.

Publisert

07.12.2024, kl. 10.54