Festbord over heile Europa er dekka med herleg sjømat frå desse bedriftene.

Kinn er landets fjerde største kommune når det kjem til talet på sysselsette og verdiskaping i fiskeindustrien. I Vestland fylke er kommunen suverent størst. Dette viser i ein heilt fersk rapport frå Nofima. I jule- og nyttårshelga er det svært mange både i inn og utland som nyt sjømat frå bedriftene i regionen vår.

Rapporten frå Nofima som kom i dag, viser at det blei landa 2,5 millionar tonn fisk i Norge til ein førstehandsverdi på 34,5 milliardar kroner i 2023. Det gir grunnlag for stor sysselsetting og verdiskaping i sjølve fiskeindustrien, samt varer/tenester til denne industrien (ringverknader).

Fiskeindustrien med ringverknader stod totalt for 16 300 tilsette og ei verdiskaping på 14 milliardar i Norge i fjor. Desse imponerande tala representer likevel berre ein del av alle sjømat-næringane, sidan verken fiskeria, salsverksemda eller havbruksnæringa er tatt med i rapporten.

I vår region er det ein kommune som peikar seg ut. Kinn kommune hadde nemleg nærmare 500 tilsette og skapte verdiar for over 425 millionar.  Det gjer kystkommunen, med Måløy og Florø, til den fjerde største kommunen i landet når det gjeld tilsette og verdiskaping.

Kinn kommune sin sterke stilling er òg grunnen til at Vestland er det fjerde største fylke i landet. Kinn står for nesten 30% av tilsette og verdiskaping i fylket. Skulle ein sjå bort frå ringverknadane – kor Bergen har ein sterkt posisjon – har Kinn faktisk godt over 40% i begge kategoriar. Det er enormt sterkt.

Det er forresten ikkje berre Kinn som er med på å løfte Vestland fylke. Kommunane Bremanger, Stad og Askvoll gjer seg òg gjeldande.

Bremanger kommunane har 200 tilsette og står for ein verdiskaping på 220 millionar i fiskeindustrien med ringverknader, følgje rapporten. Det gjer kommunen til den hhv 19. og 11. største i landet.

I Sogn og Fjordane har vi nå 9 (konsum) bedrifter i villfiskindustrien. Det er ein svak nedgang frå 11 i 2015, medan vi i 2000 hadde 25 slike bedrifter.

Dagleg leiar Per Røys har kontroll på silda ved Pelagia Kalvåg.
Foto: privat

Det er først og fremst på mottak og bearbeiding av sild og makrell (pelagisk konsum) bedriftene i Sogn og Fjordane gjer seg gjeldande. Her har vi store selskap som Pelagia AS med 580 tilsette i Måløy, Selje og Kalvåg, og dertil Global Florø AS med 150 tilsette i Florø.

Men vi har òg bedrifter som tar i mot og foredlar kvit fisk. På Bulandet finn vi t.d. Norges vestlegaste fiskeforedlingsfabrikk; Lerøy Bulandet AS med 50 tilsette. Den moderne bedrifta heilt ut i havgapet illustrerer forresten godt at slike bedrifter har verdi langt utover talet på arbeidsplassar og den økonomiske verdiskapinga. Lerøy Bulandet gir nemleg òg aktivitet, optimisme og puls til dei 250 innbyggarane i det vesle, livskraftige samfunnet.

Vanlegvis ser vi føre oss heilt andre ting enn arbeidsplassar og verdiskaping når vi tenkjer på desse bedriftene; nemleg smakfull og sunn mat. Og i desse dagar er det tusenvis at svenskar, tyskarar og andre som har festmåltid med julesild frå Kinn eller Bremanger.

I vår familie har vi i alle år hatt pinnekjøt av kje på julaftan, og lettsalta torsk første juledag. I tidlegare år var det far min som stod for alt dette, men dei siste ti-åra har vi fått det frå lokale verksemder. Kandal Kjøtt i Gloppen har levert det gode og tradisjonsrike pinnekjøtet. Og den smaksrike, lettsalta torsken? Jau, den kjem frå den tidlegare omtalte bedrifta. Den som er omgitt av 300 små øyar, holmar og skjer heilt vest i havet.