Saltebilsjåfør Glenn Ivar Sunde var blant dei første som oppdaga brannen.
– Det kom mykje røyk. Kollegaen min ringde det inn, medan eg byrja å hamra på dører for å sjekka om det var folk i huset. Eg stod slik i rundt ti minutt. Eg kjende at dører var varme. Det var ekkelt.
Glenn Ivar Sunde var på jobb som sjåfør for ein saltebil, og oppdaga brannen.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK
Marcin Jan Wilk er nabo til bygget. Han vakna av at Sunde banka på dører, og hjelpte til med å prøva å få kontakt med eventuelle folk i huset.
– Eg såg ingen flammar, men det var for varmt til å prøva å ta seg inn i huset. Etter rundt fem minutt, kom det brannmannskap til staden.
Marcin Jan Wilk seier det kom mykje røyk, men ingen flammar, frå nabohuset som brann.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK
Kvinna kom gåande ut av bygget sjølv
Politiet fekk melding om brannen klokka 00.39.
Kl. 01.29 hadde brannfolka konkludert med at det ikkje kunne vera folk i huset.
– Me søkte gjennom første og andre etasje utan funn, seier Frode Bødtker, som er varabrannsjef i Bergen brannvesen..
Men kl. 02.40 kom brått ei kvinne gåande ut av kjellaren i huset, melder BT.
– Ho var ganske hardt skadd med brann- og røykskadar, og blei fort tatt hand om av helsepersonell.
Det var då brannfolka tok seg inn igjen og mannen blei funnen.
Han blei seinare erklært død på staden.
Brannen blei sløkt klokka 03.53.
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK
Vil evaluere brannen
Bødtker fortel at brannfolk hadde gått gjennom kjellaren tidlegare på natta, men utan funn av menneske.
– Røykdykkarar som var nede, blei møtt av ein heil haug med boss og byggemateriale og sånn. For huset var under renovering.
Røykdykkarane slo ned flammane i kjellaren og gjekk vidare opp i etasjane for å leita etter eventuelt omkomne.
– Det var der me hadde fått melding om at det kunne vera folk inne, og prioriterte det.
– Kan brannvesenet ha gjort noko feil?
– Me vil no sjølvsagt evaluera brannen, slik me alltid gjer. Om det er noko me kunne gjort annleis, så vil det koma fram då, svarer Bødtker.
Bøtker legg til at det var ein veldig spesiell situasjon.
– Eg har jobba her i 35 år, eg kan ikkje hugsa at eg har hatt ei sånn hending som dette.
Huset var under renovering, ifølgje varabrannsjefen.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK
Publisert
07.02.2025, kl. 03.55
Oppdatert
07.02.2025, kl. 11.09