13. oktober i fjor skaut og drap han Janne Puhakka i deira felles heim i Esbo i Finland.

Det seier den drapstiltalte nordmannen når han forklarar seg i retten om dagen han drap den 37 år yngre ishockeyspelaren frå Finland.

Motivet skal ha vore samlivsbrotet og at Puhakka hadde møtt ein annan. Dei krangla om hunden dei hadde saman og då gjekk nordmannen på kjøkkenet og henta hagla.

– Det skjedde noko i hjernen min. Eg veit ikkje om eg eksploderte utvendig eller kollapsa innvendig.

Mannen frå Trøndelag står tiltalt for grovt overlagt drap mot ekskjærasten sin.

Den drepte er tidligere ishockeyspiller Janne Puhakka. Han var kjent i Finland og var den første åpent homofile spilleren i Finlands toppserie.

Janne Puhakka (29) var ein kjent finsk ishockeyspelar og sett på som eit førebilete for å vere den første opne homofile mannen i finsk ishockey.

– Eg var verkeleg forskrekka over det eg såg. Eg har berre eit minne av at eg kyssa han, seier han om minuttane etter han hadde skote Puhakka to gongar.

Nordmannen har erkjent at han drap Puhakka, men nektar for at det var eit planlagt, overlagt drap.

– Eg tenkte at nokon måtte komme for å arrestere meg

Nordmannen fortel at han hugsar lite frå dagen han drap Puhakka. Etter drapet sat han seg ved kjøkkenbordet og der blei han sittande.

– Eg tenkte at nokon måtte kome for å arrestere meg snart, men ingenting skjedde. Eg berre sat der. Så blei det mørkt.

Han skal ha snakka med familiemedlemmer på telefonen og vore på butikken, men dette har han ikkje noko minne av.

– Eg veit at eg har tatt to bilete, men eg hugsar ikkje det heller.

Etter kvart oppdaga ein nabo at Puhakka låg død inne i huset og naudetatane rykka ut til staden. Då blei nordmannen arrestert.

Väst­ra Ny­lands tings­rätt i Esbo

Saka går for retten i Västra Nyland tingrett i Esbo i Finland frå 13. til 18. mars.

Foto: Silja Viitala / Yle

– Utruleg kor fort korthuset begynte å kollapse

Ifølge den finske avisa Helsingin Sanomat, som følger saka i retten, var det Janne Puhakka som først tok kontakt med nordmannen i 2014.

– Eg tenkte at eg skulle gløyme han. Han var for ung. Eg klarte ikkje få han ut av tankane, seier tiltalte i retten.

66-åringen fortel at han frå starten av 2024 begynte å få økonomiske problem, etter at han og Janne Puhakka hadde kjøpt eit hus saman i Esbo i Finland.

– Eg tok opp lån frå vener og familie. Det er utruleg kor raskt korthuset begynte å kollapse.

Han fortel vidare at stressnivået steig meir og meir utover året.

– Eg hugsar ein morgon då han drog på jobb. Han gret og sa at han ønska seg den gamle meg tilbake, seier tiltalte om kva Puhakka skal ha sagt til han.

Mange journalister og annen presse til stede i Västra Nylands tingsrãtt i Esbo, Finland

Det er mykje presse til stades under rettssaka mot den drapstiltalte nordmannen.

Foto: Silja Viitala / YLE

Nordmannen fortel at dei økonomiske problema påverka forholdet deira.

– Me var triste og slitne på grunn av situasjonen. Eg følte skuld overfor Janne, seier han.

Vidare fortel tiltalte at Puhakka begynte å lukke seg og at han då frykta at finnen var utru mot han.

– Eg spurde om han hadde funne seg ein annan. Eg spurde han direkte. Eg spurde fleire gonger. Han sa at det dreia seg om økonomien og at eg var stressa.

Mot slutten av sommaren skal dei to ha budd frå kvarandre ein periode. Og på starten av hausten skal Puhakka ha fortalt tiltalte at han hadde møtt ein annan.

Bilde av en trønder tiltalt for drap, sittende i rettssalen før den begynner

Tiltalte i retten saman med forsvararen sin Ville Luoto.

Foto: YLE

Skaut og slo Puhakka med hagle

– Handlinga må sjåast på som grov, og var overraskande for offeret. Framgangsmåten var planlagt, sa aktor Annukka Juntunen den første dagen i retten.

Trønderen hadde ei hagle han hadde tillating til å ha i Noreg og han hadde vore på jakt i Noreg kort tid før drapsdagen.

– Eg tenkte det var ein god idé å ta med hagla til Finland og fortsette treninga der, seier tiltalte om hunden han hadde med på jakt.

Dagen før drapet blei tiltalte sint fordi Puhakka ikkje kunne passe hunden deira. På kvelden drakk han seg full og hugsar ingenting, fortel nordmannen i retten.

– Eg hadde ein tom følelse, men eg var ikkje bakfull, seier nordmannen om drapsdagen.

Boligen hvor Janne Puhakka ble funnet drept, i Esbo i Finland

Bustaden der Janne Puhakka blei funnen drepen.

Foto: Silja Viitala / Yle

Ifølge tiltalen skal trønderen ha skote Puhakka to gongar bakfrå før han slo ekssambuaren i hovudet med hagla.

Trønderen meiner han ikkje skaut ekskjærasten bakfrå.

– Han erkjenner å ha skote Puhakka med hagle to gongar frå framsida og slo han minst 2–3 gongar i hovudet med hagla, sa forsvarar Ville Luoto i retten.

Ifølge tiltalen skal trønderen ha slått Puhakka med hagla rundt 10 gongar, heilt til hagla blei øydelagt.

Kan få «livstid» i fengsel

Mannen er tiltalt for overlagt drap på ekssambuaren Janne Puhakka (29). Difor har aktor bedt om Finland si strengaste straff – «livstid» i fengsel.

Å bli dømd til «livstid» i Finland tilsvarar det å bli dømd forvaring i Noreg og at vedkommande først kan be om å bli lauslaten etter at det har gått 12 år.

«Livstid» i Finland

Bistandsadvokat til Puhakka sine foreldre, Kim Somppi, seier at dei støttar aktor sitt krav.

– Dei er sjokkerte. Sorgarbeidet er ufullstendig. Det har vore tung. Dei har mista ein del av livet sitt, seier Somppi til Yle.

Publisert

14.03.2025, kl. 09.42

Oppdatert

14.03.2025, kl. 13.20