Saka oppsummert
I rapporten har sentralbanken intervjua over 400 bedrifter og organisasjonar om korleis det står til med økonomien.
Dette er siste viktige punkt i kalenderen til Noregs Bank før rentemøtet i neste veke.
Bedriftene ser føre seg stabil vekst i fyrste halvår av 2025, viser undersøkinga.
Ein del bedrifter peikar på at internasjonale handelskonfliktar fører til auka usikkerheit, men få bedrifter trur det vil føre til lågare aktivitet i fyrste halvår.
Bedriftene anslår at lønnsveksten vil bli på 4,4 prosent i 2025 og 3,9 prosent i 2026.
Resultata kan vere avgjerande for styringsrenta.
– Dette er spikaren i kista for rentekutt neste torsdag, seier sjeføkonom i NHO Øystein Dørum.
Øystein Dørum er sjeføkonom i NHO. Han seier bedriftsleiarane er meir positive no enn i NHO si eiga spørjeundersøking blant medlemsbedriftene.
Foto: NTB
Endrar prognose
Handelsbanken endrar sin renteprognose på grunn av rapporten.
Sjeføkonom Marius Gonsholt Hov meiner Noregs Bank framleis har eit inflasjonsproblem.
– Fram til no har vi hatt prognose om rentekutt, men no trur vi dei held den uendra. Det er framleis usikkert, men det går bra i næringslivet og lønnene ser ut til å kunne auke meir enn venta, seier Hov.
– Eg trur framleis på rentekutt, men no er det heilt opent. Det er 51 prosent sjanse for kutt – 49 prosent sjanse for at dei held renta uendra, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg.
– Eg trur dei held renta uendra. Vi endra prognosen vår førre veke og eg er endå tryggare på det no, seier Kjersti Haugland i DNB Markets.
Viktig for renta
Tidlegare i dag blei det klart at Sverige held renta uendra på 2,25 prosent.
Noregs Bank har i månadsvis peika mot møtet 27. mars.
Då viser rentebanen at det ligg an til kutt.
Styringsrenta settes åtte ganger i året av Norges Bank. Styringsrenta styrer rentene i bankene, og påvirker dine boligutgifter. Målet med å sette opp renta er at de høye prisene skal gå ned igjen.
Prognosen forteller oss hvordan Norges bank tror renta vil utvikle seg fremover.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
Det viste også prognosane til dei fleste økonomar heilt fram til i førre veke.
Då kom SSB med nye tal som viste at prisane hadde auka 3,6 prosent på eitt år. Noregs Bank har mål om å halde dette talet på 2 prosent.
Då endra fleire bankar prognosane sine.
I tillegg til Handelsbanken, som snudde i dag, trur også DNB Markets og Nordea Markets at renta blir uendra i mars.
– Godt nytt frå næringslivet
Økonomane er einige om at dette er positive takter frå bedriftsleiarane.
– Det var meir positivt enn venta. Bedriftene ventar gode tider. Det viser at det ikkje er noko brennande behov for å få renta ned for å stimulere økonomien. Noregs Bank både bør og kan vente no, seier Haugland.
– Dette er godt nytt frå næringslivet. Undersøkinga viser at det går godt i norske bedrifter trass uro i verda rundt oss, seier Knudsen.
– Tala viser at næringslivet går høveleg godt og vil takle auken i utgifter, seier Hov.
Om ei veke går Ida Wolden Bache går på talarstolen. Undersøkinga frå Regionalt nettverk vil ha betydning for kva slags nyheiter ho kjem med då.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Publisert
20.03.2025, kl. 10.09
Oppdatert
20.03.2025, kl. 11.48