Trumps utsending til Ukraina og Midtausten, Steve Witkoff, var i Moskva og besøkte Putin då han blei lagt til i den mykje omtalte Signal-chatten.

Det skriv CBS News, som har analysert flydata frå nettsida FlightRadar24.

12 timar etter at han landa i Moskva, blei Witkoff lagt til i gruppa «Houthi PC small group», saman med andre høgståande i Trump-administrasjonen.

I gruppechatten blei planane for USAs angrep mot houthiane Jemen diskuterte i detalj, og opplysningar om våpen, tidspunkt og mål delte.

Meldingstenesta Signal er ikkje sikkerheitsklarert, og Russland har forsøkt å kompromittere appen fleire gongar.

Witkoff seier onsdag at hans private telefon låg igjen heime, og at han kun hadde med seg ein sikker telefon frå Det kvite hus til Russland. Det er uvisst om Signal var installert på denne telefonen.

Hva er Signal-skandalen?

Sjefsredaktør Jeffrey Goldberg fra The Atlantic ble lagt til i en meldingsgruppe kalt på appen Signal, hvor flere høytstående medlemmer av Trump-administrasjonen planla og diskuterte et angrep på houthiene i Jemen.

Journalisten fikk altså vite om angrepet før det faktisk skjedde.

Det Hvite hus har bekreftet at det ble delt hemmelig informasjon med Goldberg ved en feil.

Hvorfor er det egentlig en skandale?

Signal er en meldingstjeneste som ofte blir brukt i samtaler med sensitiv informasjon. Den er imidlertid ikke godkjent av amerikanske myndigheter for å dele hemmelige opplysninger.

Samtidig reagerer flere på at det ikke ble lagt merke til at en journalist var med i gruppen, og at at det ble brukt mobiltelefoner til å dele gradert informasjon.

Hvem var med i samtalen?

Ifølge the Atlantic var det 18 medlemmer i gruppen, blant annet:

Forsvarsminister Pete HegsethVisepresident J.D. VanceUSAs nasjonal sikkerhetsrådgiver, Mike WaltzEtterretningssjef Tulsi GabbardUtenriksminister Marco RubioCIA-sjef John RatcliffeUSAs spesialutsending til Midtøsten, Steve WitkoffStabssjef i Det hvite hus, Susie Wiles Visestabssjef Stephen Miller

Hva ble egentlig sagt?

The Atlantic har gjengitt flere detaljer fra samtalene, blant annet:

Forsvarsminister Pete Hegseth sendte detaljert informasjon om både våpen, mål og tidspunkt for angrepet.

Visepresident J.D. Vance uttrykte bekymring for tidspunktet for angrepet. Han mente at det ville gagne Europe mer enn USA å angripe Jemen nå, i stedet for senere, og at oljeprisene kunne stige.

Under diskusjonen sa Vance at han var villig til å holde bekymringene sine for seg selv, men at han «hatet å måtte redde Europa igjen». Hegseth svarte at han var enig, og kalte det patetisk.

Da selve angrepet i Jemen skjedde ble resultatet, blant annet antall døde, diskutert. Flere ga uttrykk for at de var fornøyde, og gratulerte de involverte med arbeidet.

Det ble også navngitt en etterretningsoffiser i aktiv tjeneste. The Atlantic har ikke gjengitt vedkommedes identititet.

USAs nasjonale sikkerheitsbyrå (NSA) åtvara seinast i februar om at russiske hackarar forsøker å få tilgang til krypterte samtalar på meldingsappen.

NSA er underlagt forsvarsdepartementet, leia av forsvarsminister Pete Hegseth, som delte detaljerte angrepsplanar i sanntid i gruppa.

Det var også fleire toppleiarar innen amerikansk forsvar og etterretning, samt The Atlantic-redaktør Jeffrey Goldberg – som blei lagt til med eit uhell.

Publiserte alt

The Atlantic ville først ikkje dele den fullstendige meldingsloggen, av omsyn til amerikansk militærpersonell.

Men onsdag snudde dei, etter at Det kvite hus blankt avviste at meldingane inneheldt sensitiv informasjon om amerikanske angrepsplanar.

Skjermdump fra The Atlantic: Pete Hegseth deler krigsplaner på Signal

Faksimile: The Atlantic

I meldingane kan ein lese spesifikke detaljar om angrepet, sendt før og under operasjonen:

Nøyaktige tidspunkt for når amerikanske bombefly skulle ta av mot Jemen
Steg-for-steg-planar for operasjonen
Sanntidsoppdateringar om forholda på angrepsstaden

Forsvarsminister Hegseth sendte mellom anna følgjande melding ein halvtime før flya tok av:

«Vêret er gunstig. Har nett stadfesta med CENTCOM at vi er klare for oppdragsstart».

«12.15: F-18 tar av (første angrepsgruppe)»

«1345: ‘Trigger-basert’ F-18 første angrepsvindu startar»

«1415: Droneangrep mot målet (DETTE ER NÅR DEI FØRSTE BOMBENE DEFINITIVT VIL BLI SLOPPNE)»

Meldinger fra J.D. Vance om angrepet i Jemen: "VP-building collapsed".

Faksimile: Skjermbilde / The Atlantic / NRK

Tre timar seinare sende USAs nasjonale sikkerheitsrådgjevar, Mike Waltz, detaljar om forholda på angrepsstaden i sanntid.

FBI vil ikkje kommentere på om dei kjem til å opne etterforsking av sikkerheitsbrotet.

Den uavhengige organisasjonen Jemen Data Project skriv i dag at minst 25 sivile jemenittar blei drepne i dei amerikanske angrepa, fire av dei barn.

Avfeier framleis

Offentleggjeringa av meldingane har ført til sterke reaksjonar.

Men Donald Trump hevdar framleis at ingen detaljar som blei delte, kunne ha kompromittert angrepet. Det seier han i eit telefonintervju med The Vince Show onsdag ettermiddag.

Onsdag ettermiddag er USAs etterretningssjef Tulsi Gabbard og CIA-sjef John Ratcliffe i ei høyring i Representantenes hus, og får spørsmål om skandalen.

– Det var ein feil at journalisten blei lagt til i Signal-chatten, seier Gabbard, og peiker på Mike Waltz.

Tulsi Gabbard, representant John Ratcliffe på et podium

Tulsi Gabbard og John Ratcliffe.

Foto: ANDREW HARNIK / AFP / NTB

Det var Waltz som oppretta gruppa og la til medlemmane. Tysdag tok han på seg ansvaret.

Men onsdag avfeide Waltz at dei nye meldingane som The Atlantic har publisert, inneheld hemmelegstempla krigsplanar.

– Ingen lokasjonar. Ingen kjelder eller metodar. INGEN KRIGSPLANAR, skreiv han på sosiale medium kort tid etter at The Atlantic publiserte artikkelen.

Visepresident JD Vance, som også var med i gruppesamtalen, og Hegseth stiller seg bak Waltz.

Mike Waltz

USAs nasjonale sikkerheitsrådgjevar, Mike Waltz, måtte svare på korleis han kunne opprette ein gruppechat for angrepsplanar i ein ikkje-klarert meldingsteneste, og attpåtil la til ein ekstern journalist i gruppa.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters / NTB

Den demokratiske representanten Jim Himes, som sit i etterretningskomiteen, er ueinig:

– Alle her veit at russarane eller kinesarane kunne ha fått tak i all den informasjonen, og at dei kunne ha gitt det vidare til houthiane, som lett kunne ha omposisjonert seg for å skyte ned fly eller senke skip, seier han.

Meiner nokon må gå

– Trump-administrasjonen er tatt med buksa nede her. Dei har eit stort forklaringsproblem, både når det gjeld kva som har skjedd, og eigne villeiande bortforklaringar i etterkant.

Det meiner Hilmar Mjelde, professor i statsvitskap, som forskar på amerikansk politikk.

Et bilde av Hilmar Mjeldes fjes

Foto: Høgskuen på Vestlandet / HV

No meiner Mjelde at sjansen for at nokon må gå, aukar.

– Pete Hegseth, Mike Waltz og Tulsi Gabbard burde alle vere i trøbbel no, seier han.

Civita-rådgjevar Eirik Løkke er ikkje like sikker.

– For eit par år sidan ville nok dette fått politiske konsekvensar, men med denne administrasjonen trur eg ikkje vi vil sjå at nokon må gå før dette eventuelt rammar Trump sjølv, seier han.

– I offentleg interesse å dele

Først valde The Atlantic å berre beskrive sjølve innhaldet i informasjonen som vart delt – og ikkje dei spesifikke detaljane om angrepa.

– Som ei generell regel publiserer vi ikkje informasjon om militære operasjonar dersom det potensielt kan setje livet til amerikansk personell i fare, skriv Goldberg onsdag ettermiddag.

Då Trump-administrasjonen avviste at konkrete planar faktisk blei delte, endra redaksjonen meining. Goldberg gjer greie for kvifor:

– Det er klart at det er ei offentleg interesse i å offentleggjere den typen informasjon som Trump sine rådgivarar inkluderer i usikre kommunikasjonskanalar, spesielt fordi leiande figurar i administrasjonen prøver å tone ned betydninga av meldingane som vart delte.

The Atlantic meiner folk bør sjå alle meldingane for å gjere opp si eiga meining.

Publisert

26.03.2025, kl. 14.08

Oppdatert

26.03.2025, kl. 17.44