Dette er saka:
SISTE: Politiet avsluttar søket for kvelden. I morgon vil dei leite etter antatt omkomne.
– Vi har ganske gode skildringar på at flyet har treft Vindalsvannet, og at det ikkje vil vere i samsvar med liv å finne nokon i det vatnet no, etter så lang tid, seier Thomas Breivoll.
Han er vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen.
Derfor går politiet over til å søke etter antatt omkomne, etter at eit småfly med to personar om bord blei sakna på Os utanfor Bergen tysdag ettermiddag.
Politiet seier dei har vore i kontakt med pårørande til dei to mennene som var om bord.
Søk- og redningsaksjonen er avslutta for kvelden, skriv politiet i ei melding til pressa.
– Det har gjennom ettermiddagen og kvelden vore gjennomført eit omfattande søk ved bruk av store ressursar. Det sakna flyet er framleis ikkje funnen.
Søket har i hovudsak vore i og rundt Vinddalsvatnet på Os i Bjørnafjorden kommune.
I morgon tidleg vil dei planlegge for å starte opp igjen søket, men då i ein annan fase.
Redningsmannskap ved Vinddalsvatnet klokka 20.23.
Foto: Sissel Rikheim / NRK
Fekk naudmelding
Flyet var på veg frå Stord til Bergen Lufthamn, då dei sende naudmelding til lufthamna rundt klokka 15.30. Det bekreftar Hovudredningssentralen til NRK.
Flyet blei så meld sakna. Ein søk- og redningsaksjon blei sett i gang, med Vinddalsvatnet i Bjørnafjorden utanfor Bergen som utgangspunkt.
Politiet seier dei har arbeidd med ein teori om at flyet skal ha prøvd å naudlande på vatnet.
Vindalsvatnet er 65 meter på det djupaste, grumsete og har dårleg sikt. Politiet trur flyet kan ligge på botn av vatnet.
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Sissel Rikheim / NRK
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Kenneth Svenningsen / Os og Fusaposten / Os og Fusaposten / NTB
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Karsten Nøkling / NRK
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Kenneth Svenningsen / Os og Fusaposten / Os og Fusaposten / NTB
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Kenneth Svenningsen / Os og Fusaposten / Os og Fusaposten / NTB
SAKNA FLY: Store ressursar er på staden etter at eit småfly blei meldt sakna.
Foto: Karsten Nøkling / NRK
Skuleflyging
– Det var ei skuleflyging. Dette flyet er mykje brukt til det.
Det seier leiar i Bergen Aero Klubb, Bjørn Egenberg, til NRK. Han stadfestar at det er medlem frå flyklubben hans som var om bord i flyet.
Egenberg veit ikkje noko om nivået til eleven, men har stor tillit til instruktøren som skal ha vore om bord.
– Instruktøren er veldig erfaren, kanskje klubben sine mest erfarne instruktør. Vi stiller oss veldig uforståande til kva som kan ha skjedd her.
Egenberg understrekar at det er ein svært krevjande situasjon.
– Dette kjem brått på og vi tenker no på dei som er sakna og dei pårørande.
Store redningsaksjon etter sakna småfly.
Foto: Sissel Rikheim
Ikkje funne vrakdelar eller folk
Naudetatar, helikopter, båtar, dykkarar og rundt 60 frivillige bidrog i søket tysdag kveld. Det blei også søkt med undervassdrone.
Det er førebels ikkje funne vrakdelar, eller folk.
– Vi hadde forventa å sjå motorolje og vrakdelar, men det ser vi ikkje. Det er frustrerande, seier innsatsleiar Frank Listøl på staden
Politiet gjer søk i og rundt vatnet.
Foto: Karsten Nøkling
Aksjonen var lenge karakterisert som eit livreddande redningsoppdrag, og politiet hadde håp og tru på at personane hadde komme seg på land.
Tysdag kveld blei søket endra til søk etter antatt omkomne.
Ifølge Listøl har dei eit omtrentleg område i vatnet dei trur flyet har landa i.
– Vi har eit vitne som bur her i området, som fekk med seg ein motorstøy over hustaka og såg eit fly som gjekk inn for naudlanding og trefte vatnet.
I tillegg har eit redningshelikopter fått varmeutslag på eit kamera i det same området.
Listøl seier at politiet likevel ikkje har tru på å finne flyet tysdag kveld.
Blei sendt naudsignal
Andreas Næsheim på Hovudredningssentralen (HRS) stadfester at det har vore sendt mayday-signal frå småflyet til Flesland Lufthamn.
– HRS fekk melding frå tårnet på Flesland klokka 15.30 om eit småfly som hadde motorproblem. Dette stemmer overeins med vitneobservasjonane vi no får inn.
HRS bidrar med to redningshelikopter frå Sola og Florø, og luftambulanse.
Har kriseteam klart
Monica Søfteland bur i nærleiken av redningsaksjonen. Ho beskriv mykje aktivitet på vatnet utanfor heimen hennar i Vinddalsvegen tysdag ettermiddag.
– Det er stor utrykking og fleire båtar på vatnet. Vi har utsikt til omtrent halve vatnet, men har ikkje sett noko fly.
Naudetatane er på veg til Os i Bjørnafjorden kommune etter melding om eit småfly med problem.
Varaordførar i Bjørnafjorden kommune, Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H), er klar på at ho ikkje vil forskottere med noko.
– Men vi er i tett dialog med etatane, og har kriseteam som er budde til å assistere dersom det blir naudsynt.
Publisert
01.04.2025, kl. 16.06
Oppdatert
01.04.2025, kl. 22.29