Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Mange – ein av fire – er i tvil om Norge bør bli EU-medlem. 42 % seier Nei, 33 % svarar Ja i den siste meiningsmålinga. Men i det siste har Nei-sida tapt terreng, og mykje tyder på at det skuldast usikkerheit og ein mildt sagt vanskeleg situasjon i utanrikspolitikken.

Men kva har vi sett i Norden, etter Russland sitt angrep på Ukraina? Jo, EU-medlemmane Sverige og Finland har opplevd at EU-medlemskap ikkje gir tilstrekkeleg tryggheit. Dei har difor meldt seg inn i Nato-alliansen, der det øvrige Norden er medlemmar. Når USA kanskje ikkje lenger er til å lite på, må Europa stå samla, men i dag er Europa meir enn EU, noko faktisk også Jonas Gahr Støre har slått fast. Storbritannia, Norge og Kanada jobbar no saman med EU-landa for å skape eit truverdig forsvarssamarbeid.

Ein ting er at EU ikkje kan tilby militær sikkerheit, ein annan ting er at EU er tilnærma handlingslamma i utanrikspolitikken. Ursula von der Leyen vil sikkert gjere meir for å skape fred, men ho må manøvrere mellom Litauen, som vil førebu krig med Russland, og Ungarn, som vil normalisere forholdet til Russland. Resultatet er at EU set seg sjølv på sidelinja, mens Macron (Frankrike) og Starmer (Storbritannia) har tatt leiarrolla og prøver å skape ein europeisk utanrikspolitikk, frikopla frå Trumps USA.

Norge kan, utanfor EU, ta på seg ei viktig rolle, fordi Norge blir rekna med, både i Washington og Brussel: Eit lite land, ja, men med finansielle musklar, med utanrikspolitisk kompetanse, med naturressursar som er sterkt etterspurde, med ein strategisk beliggenheit, og med evne til også i desse tider å handtere forholdet til Russland ut frå eit nordområdeperspektiv.

Denne situasjonsbeskrivinga tilseier etter mitt syn at vi på ingen måte treng EU-medlemskap. I tillegg kjem alt som har med EU-reguleringar å gjere. Her er kontroll over kraftpolitikken eit stikkord. Når så mange likefullt heller til Ja eller er i tvil, kan det skuldast eit forsterka trykk frå «kommentariatet», frå media og forskarar, som med eit visst hell har greid å hamra inn oppfatninga om at norsk sikkerheit handlar om å bli med i EU. Men dette argumentet er syltynt. Unionen er meir handlingslamma enn på lenge, og EU-landa er langt meir avhengige av våre eksport-produkt, enn vi er av varer frå EU-landa.