EU vil innføre vernetoll på ferrolegeringar, som blant anna blir brukt i stål. Tollsatsane skal vere flytande ut frå ein fastsett minstepris i EU. Ein lågare pris enn minstesatsen vil utløyse toll.

I brevet til EØS-landa, som NRK har sett, skriv EU at dei ønsker å innføre tollen fordi import har ført til «alvorleg skade» for industrien i EU.

– EU-produsentane lir stor skade på grunn av ein nedgang i produksjon, sal, marknadsdelar og arbeid. Dei har store tap, skriv dei i brevet.

EU skriv at tiltaket fell inn under EØS-avtalens artikkel 113, og at det i første omgang skal gjelde i 200 dagar, og blir innført frå 19. august.

Ventar på EU

Noreg blei informert av EØS-komiteen torsdag, og fekk oversendt brevet, men regjeringa ventar på den formelle informasjonen frå EU.

– Vi har vore i kontakt med EU om denne saka sidan dei annonserte undersøkingar om eventuelle vernetiltak på ferrolegeringar i desember i fjor, altså før presidentskiftet i USA med etterfølgande tollaukar. EU har ikkje fatta ei endeleg avgjerd i saka, skriv utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i eit svar til NRK.

Han skriv at regjeringa er heilt klare på at Noreg ikkje skal bli omfatta av vernetiltak på ferrolegeringar.

– Det er spesielt viktig at det ikkje blir sett kvotar og tak på norsk eksport til EU på desse produkta. Norske produkt bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping også i EUs medlemsland. Dette er handel både vi og EU-landa tener på.

Kan få konsekvensar

Varg Folkman i tenkjetanken European Policy Centre (EPC) i Brussel har lest brevet som er sendt EØS-landa.

Han meiner EU kan ha sitt på det tørre overfor handelspartnarane, om dei skulle vedta tollen.

– Som mange frykta, er ikkje EØS-avtalen til hinder for at Noreg blir ramma av vernetoll på denne måten. Det går klart fram av brevet at EØS-landa kan bli ramma av tollen i 200 dagar, seier han til NRK.

Han meiner dette er eit prestisjetap for Noreg, og at dette EU kan følge same linje i fleire saker.

– I 2018 fekk vi unntak, no verkar det som om EU legg seg på ei linje der Noreg også blir ramma av slike tiltak, seier Folkman.

Ser alvorleg på situasjonen

NHO-forbundet Norsk Industri er overraska over at EU no vil innføre toll. Dei meiner det er viktig at Noreg er på innsida av EUs vernetiltak, og at dette er noko som følger EØS-avtalen.

– Vi er underlagt dei same rammevilkåra som resten av industrien i Europa. Difor bør vi også vere på innsida av eventuelle vernetiltak frå EU, seier administrerande direktør Harald Solberg i Norsk Industri til NRK.

en mann i dress som røyker en sigarett

Administrerande direktør Harald Solberg i Norsk Industri.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Han seier at Europa er den viktigaste marknaden for den norske industrien.

– Dersom EU no innfører vernetiltak der Noreg ikkje er ein del av det, så ser vi svært alvorleg på situasjonen, og vil sjølvsagt diskutere dette med den norske regjeringa, seier han.

Vedum: – Uakseptabelt

Høgre-leiar Erna Solberg seier til NRK at det er alvorleg for Noreg at EU varslar toll på ferrolegeringar, og at dette skaper stor uvisse for ei viktig norsk eksportvare.

– Dersom EU faktisk innfører toll, vil det vere ein stor nedtur for Støre-regjeringa som har sagt at å ta vare på norske interesser er deira viktigaste jobb.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum reagerer kraftig på at EU vil innføre toll.

– Dette er eit klart brot på dei avtalane vi har med EU. Det er uakseptabelt at vi skal betale milliardbeløp til EU dersom dei sjølv ikkje følger forpliktingane dei har overfor oss, seier han.

Overraska

Eramet produserer blant anna manganlegeringar som blir brukt for å produsere stål.

Dei er overraska over at EU innfører toll som rammar norske bedrifter.

– Med vår tilknyting til EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen er vi overraska over avgjerda det blir lagt opp til, seier fabrikksjef i Eramet Kvinesdal, Aida Bermudéz til NRK.

en by ved siden av en elv

Anlegget til Eramet i Kvinesdal.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Ho seier avgjerda vil kunne svekke ein allereie vanskeleg konkurranse, som er prega av uvisse rundt utvikling i kraftprisane og auka kostnader knytt til klimakvotesystemet til EU.

– Vi må jobbe vidare for å få endra denne avgjerda, seier ho.

Elkem er ei av største industribedriftene i Noreg som kan bli ramma av tollen. Selskapet har gått ned med over 5 prosent fredag. Dei ønsker ikkje å kommentere før EU har gjort eit endeleg vedtak.

Publisert

25.07.2025, kl. 09.23

Oppdatert

25.07.2025, kl. 12.05