Saka oppsummert:
Toget blei stoppa i Huntingdon.
Der blei to menn pågripne av politiet. Identiteten til gjerningspersonane er ikkje kjent.
– Vi handterer for augneblinken ei hending på eit tog til Huntingdon der fleire personar har blitt knivstukne, skriv British Transport Police på X.
Fleire personar er frakta til sjukehus.
Kartet viser Huntington der toget blei stoppa.
Det er uklart kor mange personar som blei knivstukne, og kor alvorlege skadane er.
Over 30 væpna politibetjentar jobbar på staden.
London North Eastern Railway opplyser at togtrafikk rundt Huntingdon stasjon er stansa.
Desse toglinjene er råka:
– Ekstremt blodige
Eit vitne fortel til Sky News at han såg personar som forsøkte å komme seg unna gjerningspersonane.
– Dei var ekstremt blodige, seier vitnet Gavin til nyheitskanalen.
Vitnet skildrar scener av menneske som kollapsa på golvet, før dei fekk hjelp av ambulansepersonell.
– Det var fleire personar som hadde blitt stukne, seier han.
Toget stoppa i Huntingdon etter meldingar om knivstikkingar.
Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB
– Djupt urovekkande
England sin statsminister Keir Starmer omtalar den «forferdelege» hendinga som «djupt urovekkande»
– Den forferdelege hendinga på eit tog nær Huntingdon er djupt urovekkande. Mine tankar går til dei som er råka, og eg takkar naudetatane for innsatsen, skriv Starmer på X.
Statsministeren ber folk i området om å følgje råd frå politiet.
England sin statsminister Keir Starmer er uroa over hendinga i Huntingdon.
Foto: Leon Neal / Reuters / NTB
Ordførar i Peterborough og Cambridgeshire, Paul Bristow, sine «tankar og bønner går til alle som er råka», skriv han på X.
Bristow reagerer på «fryktelege scener» som har utspelt seg på toget.
Også styreformann i Det konservative partiet, Kevin Hollinrake, skildrar hendinga som «skremmande scener».
– Mine tankar går til offera og naudetatane som handterer denne saka, skriv Hollinrake på X.
Over 30 væpna politibetjentar jobbar på staden.
Foto: JUSTIN TALLIS / AFP / NTB
Interessert i utanriks? Høyr redaksjonen sin nyaste podkast-episode:
Publisert
01.11.2025, kl. 22.39
Oppdatert
01.11.2025, kl. 23.57