Skattelistene syner at det knapt finst kvinnelege gründarar i stor skala i Noreg, eit av verdas mest likestilte og kapitalsterke land. Alle dei rikaste kvinnene i Noreg har arva formuene sine. Kvifor ser me ikkje fleire kvinner som tener seg rike på å selja varer til andre kvinner av den typen som kvinner kjøper mest av / avgjer kjøp av i hushaldningar: Mat, klede, møbel, pyntegjenstandar, garn, toalett- og hygiene-produkt, bøker, feriar osv. Kvifor er menn betre enn kvinner til å selja overprisa, klimafiendtleg statusskrap til kvinner?

​

Og jau, eg veit at det for det meste er at kvinner ikkje vil jobba så mykje og knallhardt og ta så mykje risiko ein må for å kanskje få suksess som gründar, i staden for å ha eit ok familieliv. Men kvifor ser me ikkje nokre knallharde, lesbiske eller ikkje-binære karrierekvinner som vil kveltra patriarkatet ved å ta innersvingen på dei med kvinneleg teft? Jamnfør at Noregs fyrste kvinnelege self-made skipsreiarar i moderne tid var eit lesbisk par i Haugesund: [Brummenæs & Torgersen – skipsrederne fra Haugesund (kvinnehistorie.no)](https://www.kvinnehistorie.no/artikkel/t-7029)

1 comment
Leave a Reply