Siste: Leiteaksjonen er avslutta tysdag kveld på grunn av mykje nedbør, høg vasstand i elvene og farleg terreng. Mannskapet held fram med leitinga med full styrke frå onsdag klokka 09.00.
38-åringen var på ferie med i Noreg med familien, og starta på ein fjelltur åleine torsdag 31. juli i Ullensvang.
Siste sikre observasjon av han var same dag.
Familien er vand med at Luhn er fleire dagar i fjellet utan dekning, men då han ikkje møtte opp til heimreisa måndag, meldte dei han sakna.
– Vi har hatt kontakt med Raude Kors sidan dag éin og politi. Det er veldig skummelt og vanskeleg fordi vi ikkje veit kva som skjer, seier Veronika Silchenko.
Ho er kona til Alec Luhn.
Alec Luhn er erfaren i fjellet, seier kona.
Foto: Privat
– Eg håper dei gjer alt dei kan fordi han er den viktigaste personen eg har. Eg treng å få han tilbake.
Ho fortel at Luhn er ein klimajournalist som er erfaren i fjellet. Han hadde fleire turar, både på jobb og fritid, til mellom anna Alaska, Island og i Nord-Noreg.
Førre månad gjekk han tur i Alpane. Luhn er særleg opptatt av isbrear og Arktis.
– Alle draumane hans er om Arktis. Kalde og snøfulle stader.
No håper Silchenko at folk som har vore i området kan kjenne igjen Luhn.
Avsluttar leiteaksjonen tysdag kveld
Frivillige redningsmannskapar frå Røde Kors har vore med å leita tysdag.
Litt før 17.30 blei leiteaksjonen trappa ned på grunn av krevjande søksforhold. Det er mykje nedbør, høg vasstand i elvane og farleg terreng.
– No trekte vi folk ut av området sidan det var så store elver at det var lite trygt for redningsmannskapet, seier politistasjonssjef i Hardanger, Øystein Torsnes.
Også politiet sine dronar har avslutta søket for kvelden, og det er heller ikkje flyforhold for helikopter.
– Politiet jobbar vidare med innhenting av etterretning og anna informasjon som kan vere til hjelp i søket, opplyser operasjonsleiar Eirik Loftesnes i politiet.
Leitemannskapet vil ta opp igjen leitinga med full styrke frå onsdag klokka 09.00.
Ressursar frå Røde Kors og Norske Redningshunder, dronar og politifolk har bidratt i aksjonen tysdag.
Søkeområdet er svært stort, og dårleg vêr gjer arbeidet vanskeleg.
Leiteaksjonen går føre seg i eit vanskeleg terreng med eit utfordrande vêr.
Foto: Røde Kors Hjelpekorps / NRK
Stort søkeområde og dårleg vêr
Eit redningshelikopter søkte måndag kveld, men utan resultat. Klokka 22.55 måndag melde politiet at helikopteret returnerer til Sola, og søket natt til tysdag blei avslutta rundt klokka 01.30, utan nye funn.
– Vêret byrja å ta seg veldig opp rundt midnatt. Då var det ikkje forsvarleg å halda fram søket oppe i fjellheimen, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
Vêrforholda i området gjer at det ikkje er mogleg å søke med fly. Her frå stengd veg i Jordal inn mot Buer og Buerbreen.
Foto: Tale Hauso / NRK
Mannen starta turen like ved Buerbreen i Ullensvang, og skulle innom fleire DNT-hytter rundt Folgefonna nasjonalpark på ruta.
– Me må ha eit ope sinn for heile området, men i første omgang konsentrerer me oss om Buer-området, seier Torsnes.
Publisert
05.08.2025, kl. 06.33
Oppdatert
05.08.2025, kl. 21.51