Ja, det kan vere symbolpolitikk å kaste byrådar. Men symbol er viktige.
Byrådsleiar Christine Meyer (H) forsvarer sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H) mot mistillit i bystyret. Foto: Vanja Krøvel (arkiv)
«Hvorfor må alltid en byråd gå?», spør Elin Brandt Ådlandsvik frå Industri- og næringspartiet i BA.
Det er eit godt spørsmål, som blei publisert kvelden før bystyret skulle ta stilling til eit framlegg om mistillit mot sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H).
Kommunen blir ikkje betre av at ein erfaren byråd går av, argumenterte Høgres gruppeleiar Chris Jørgen Rødland i bystyremøtet.
Det er eit forståeleg argument.
Det er umogeleg for ein toppleiar i kommunen å vite alt som skjer lenger nede i systemet. Difor ser det fort symbolsk ut å kaste leiaren. Men symbol er viktige. Og ansvaret ligg på toppen. Det er farleg å rokke ved det prinsippet.
Les hele saken med abonnement
Allerede abonnent? Logg inn