Ottesen, mest kjent som frontvokalist i Kaizers Orchestra, kjem til Baroniet Rosendal 11. juli. Han har vore i Kvinnherad to gonger før som soloartist, i Kulturhuset Husnes i 2017, og på Festidalen i 2019, men aldri baroniet.
Store delar av kulturprogrammet til Baroniet Rosendal blei gjort kjent torsdag, og billettane ligg no ute.
«Store namn til eit fornya og rikhaldig kulturprogram på Baroniet Rosendal i 2026» skriv baronidirektør Anna Lena Flatland i pressmeldinga.
I 2024 kom deLillos til baroniet for første gong, og då spelte dei songar som ikkje var så kjente. Det gav meirsmak både for baroniet og publikum, så i år kjem bandet tilbake, og spelar konsert 17. juli.

DELILLOS: deLillos hadde konsert i Riddersalen i fjor, og kjem tilbake i år. Her frå Festidalen i 2015.
Foto: Arkiv/Lars Martin Teigen
Elles kan vi sjå av programmet at sesongen blir opna med ei «klassisk helg» 2. mai, først med opning av utstillinga til Elisa Helland Hansen og søstera Ida C. Helland Hansen i borggarden, introdusert av kunsthistorikar Gunnar Danbolt, etterfølgd av konsert med sopran Hanne Marit Mordal Iversen og pianist Revaz Abramia i Riddersalen.

SØSTRER: Elisa Helland Hansen og søstera Ida C. Helland Hansen opnar utstilling saman i baroniet 2. mai.
Foto: Presse
I tillegg til Janove og deLillos kjem kjente og kjære artistar som Bjørn Eidsvåg, Karoline Krüger og Sigvart Dagsland og Eva Weel Skram tilbake for å halda konsertar.
På programmet står òg fleire spennande seminar og føredrag. Blant anna kjem ekteparet Trond-Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valle til baroniet 28. mai, for å samtala om boka dei har skrive saman, «Resten av livet», som handlar om overgangen til pensjonisttilværelsen. Ein annan spennande duo er forfattar Tore Renberg og solist og kammermusikar Christian Ihle Hadland som skal ha «Ein kveld i regi av kunstens intelligens» 23. mai.

EKTEPAR: Ekteparet Kristin Helle-Valle og Trond-Viggo Torgersen har skrive bok saman, som dei skal snakka om på baroniet 28. mai.
Foto: Vidar Josdal

DUO: Musikar Christian Ihle Hadland og forfattar Tore Renberg skal ha noko så spennande som «Ein kveld i regi av kunstens intelligens» 23. mai.
Foto: Pressefoto
I sommar gjekk den siste Rosendal Kammermusikkfestival av stabelen, men samarbeidet mellom Baroniet Rosendal og Leif Ove Andsnes er ikkje over. Som tidlegare nemnt skal baroniet starta ein klassisk konsertserie med Andsnes som kunstnarleg rådgivar til neste år, og den startar søndag 3. mai når Andsnes presenterer eit soloprogram med musikk av Chopin.
Elles blir det òg hageseminar 13. juni med Annegreth Dietze-Schirdewahn og fleire, og historisk seminar av Jørn Øyrehagen Sunde med fleire 9. mai.
«Det kjem fleire høgdepunkt, så følg med», lokkar Flatland avslutningsvis.