I haust lyste Kinn kommune og KURS KF ut eit anbod på å granske og evaluere integreringsarbeidet i kommunen. Anbodsfristen er ute, og jobben skal utførast av selskapet Proba Samfunnsanalyse, som har erfaring frå området tidlegare. Mellom andre har dei hatt oppdrag for Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
– Vi er litt forseinka med prosessen. Eigentleg skulle arbeidet og resultatet av det vore klart ved utgangen av året. Men no får vi resultata og konklusjonar på bordet innan 1. juni 2026, som er viktig med tanke på revidert kommunebudsjett, seier styreleiar i KURS KF, Bjarne Holme til Firdaposten.
Viktig å bli sett utanfrå
Dagleg leiar ved KURS KF, Eva Melvær Langaas, er spent på arbeidet som snart skal i gang.
– Dette blir ein interessant prosess. Eg gler meg, og eg er sjølvsagt spent på kva konklusjonane blir, slår ho fast.
– Kvifor er det viktig å evaluere arbeidet dykkar?
– Det er alltid bra å få eit kvalifisert blikk frå utsida på det arbeidet vi gjer. Det vil både gi oss ny innsikt og også læringspunkt, der vi kan ta tak i det som kan forbetrast, seier Langaas.
– Kva trur du ein slik rapport kan fortelje oss?
– Eg håpar han viser at Kinn kommune og KURS KF jobbar godt med integrering. Eg trur vi driv med ein effektiv ressursbruk, og at vi har betre resultat enn ein del kommunar det er naturleg å samanlikne oss med. Men det er ikkje nok å tru. Det er viktig å stadfesta korvidt vi er på rett kurs. Det finst kanskje også blindsoner, utfordringar vi ikkje har fokus på eller ser i det daglege arbeidet vårt. Å avdekke ting som vi ikkje veit nok om frå før, vil vere verdifullt for oss, seier ho.
Mange faktorar
Det er mange ulike punkt som skal under lupa når integreringsarbeidet skal granskast. Korleis fungerer busetnad av flyktningar og innvandrarar i Kinn? Lukkast vi med å integrere flest mogleg i arbeidslivet? Korleis klarar skuleverket å ta vare på og gi moglegheiter til alle?
– Det er ikkje berre ei evaluering av KURS KF som no skal gjerast, men eit breiare blikk på heile integreringsarbeidet i kommunen, forklarar Langaas.

Det er ikkje berre KURS KF sitt arbeid som skal evaluerast, men heile Kinn kommune og alle aktørane som samhandlar for å få til integrering, seier Eva Melvær Langaas.
Foto: Svend Arne Vee
Her er nokre nøkkeltal for KURS KF sitt arbeid gjennom det siste året:
- For 2025 vart oppmodinga frå IMDi om busetjing av flyktningar i Kinn nedjustert frå 80 til 65 i løpet av sommaren. Per no er det busett eller planlagt å busetje 64 personar på denne kvoten. I tillegg har det vore vel 20 personar som har kome på familiegjenforeining i år.
- Busetjinga blir fordelt jamt mellom Florø-delen og Måløy-delen. I år har det, medrekna familiegjenforeinte, vore ei overvekt av busetjingar i Florø.
- Majoriteten, 50 personar, er frå Ukraina, men det er òg busett personar frå Iran, Sudan, Syria og Afghanistan i år. Fem personar har kome som overføringsflyktning (kvoteflyktning) i år gjennom FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR).
- Til saman har Kinn busett rundt 550 personar frå Ukraina sidan fullskalainvasjonen. Dette er flyktningar som har mellombels kollektiv beskyttelse.
- Av dei som no er på tilskotslistene (busette dei siste fem åra) er om lag 60 prosent i alderen 18-55 år, Seks prosent i barnehagealder og 22 prosent i skulealder. To prosent er over 70 år.
- KURS får tilskot frå staten for til saman 634 personar i år. Når dei store busetjingskulla frå 2022-2024 går ut av den femårige tilskotsperioden, vil inntektene til KURS falle.
Busetjing av flyktningar i Kinn kommune:
KURS KF får sine inntekter frå det statlege integreringstilskotet, som er knytt til kvar person som er busett. Samla fekk KURS 148 millionar kroner i integreringstilskot og særskilte tilskot i 2024. I 2025 er det budsjettert med inntekter frå integreringstilskota på 120 millionar kroner.
I 2024 betalte KURS om lag 28,8 millionar i introduksjonsløn og 9,9 millionar i såkalla ventestønad. Samla fekk dei kommunale tenestene rundt 46 millionar i overføringar frå KURS i 2024. Av det var 15,8 millionar til Nav, som dekke av sosialhjelp, KVP og ressursar i form av to stillingar.
Dei siste åra har KURS KF også overført eit generelt dekningsbidrag frå integreringstilskotet til Kinn kommune. I 2023 var det på 20 millionar kroner, I 2024 19 millionar kroner og i år 10,5 millionar. I perioden 2026-2028 er det budsjettert med 8 millionar kroner kvart år.