Laurdag kveld blei Ap, Sp og Raudt einige om eit budsjettforslag.

Budsjettforliket gir fleire endringar som vil merkast på Vestlandet. I alle fall om du spør Senterpartiet.

– Kommunane får totalt 3 milliardar kroner meir i frie midlar, der kommunane i Vestland får 353,7 millionar. Vestland fylkeskommune får i tillegg 135,4 millionar, seier Erling Sande.

Han omtalar budsjettet som stramt, men meiner resultatet er klart meir Vestland-vennleg enn det opphavlege Ap-forslaget.

Den siste veka har det blitt jobba intenst med å få på plass eit forslag som alle dei raudgrøne partia kunne stille seg bak. Verken MDG eller SV er med på det endelege forslaget.

Stortingsrepresentant for MDG i Sogn og Fjordane, Marius Dalin, kallar forslaget meir vestlandsfiendtleg enn vennleg.

en gruppe mennesker som står foran et flagg

Ap, Sp og Raudt er einige om statsbudsjettet utan støtte frå MDG og SV. Støre vil framleis ha raudgrøn einigheit.

Foto: Thomas Fure / NTB

Fått gjennom fleire punkt

Medan SV og MDG fall ut av forhandlingane i sluttspurten, har Senterpartiet klart å få gjennom fleire av sine punkt.

Budsjettforslag Ap, Sp og R

  • Fylkeskommunen blir styrkt med ein ekstra milliard nasjonalt, særleg for å møte kostnadsveksten i kollektivtrafikken.
  • Budsjettet inneheld 100 millionar kroner meir til rassikring.
  • Gratis ferjer og ordninga med studielånsnedskriving blir vidareført.
  • Fleire varsla avgiftsaukar, som dieselavgifta, er fjerna.
  • Folkehøgskuleelevar skal framleis få gjort om 40 prosent av studielånet sitt til stipend. Ap-regjeringa foreslo i sitt framlegg til statsbudsjett å redusere denne delen til 15 prosent.
  • 125 millionar kroner blir sett av til breiband- og mobilsatsing, etter at posten var kutta i det opphavlege framlegget frå Ap. Ifølgje Sp er satsinga avgjerande for distrikta, også i Vestland.

ferje og bilar

Gratis ferje har vore ei kampsak for Senterpartiet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er absolutt blitt eit meir Vestland-vennleg budsjett. Ikkje minst med tanke på studielånsnedskrivinga og gratis ferjer. Men også det me har lagt inn for breibandsløft, auke til kommunesektoren og meir pengar til rassikring av fylkesvegar, oppsummerer Sande.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Hordaland og nestleiar i Senterpartiet, seier ho er glad for gjennomslaget for auka løft til kommunane.

– Mange kommunar i Hordaland slit og vurderer sentralisering av velferdstenester som barnehagar, skular og eldreomsorg. No har vi i Senterpartiet fått til at til dømes Bergen kommune får om lag 150 millionar kroner meir å rutte med.

Kjersti Toppe smiler til kameraet

– No styrkar vi satsinga på historia, kulturen og språket vårt her på Vestlandet, seier stortingsrepresentant for Sp i Hordaland, Kjersti Toppe.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Ho trekk også fram kulturfeltet som sigrar for partiet.

Senterpartiet har fått auka støtta til Det vestnorske teater, Teater Vestland, Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, stiftinga Lenken, og den bergensbaserte tv-kanalen TVBra.

– Vi har og fått pengar til forprosjekt Nye Akvariet/Verdenshavssenter, som er ei svært viktig sak for Bergen.

– Kortsiktig tankegang

MDG valde å bryte forhandlingane i går. Partileiar Arild Hermstad sa på ein pressekonferanse etterpå at Støre no kan kaste landet ut i ei regjeringskrise.

– Han har ikkje nytta sjansen til å lage eit budsjett som tar vare på kloden for dei som kjem etter oss, sa Hermstad.

– Det som verkeleg bekymrar meg, er at dette er eit budsjett kor Arbeidarpartiet og dei som står bak det ikkje er i stand til å ta eit heilskapleg ansvar, rett og slett, seier Marius Dalin.

en mann i dress

Stortingsrepresentant for MDG Marius Dalin meiner forslaget til Ap, Sp og Raudt ikkje vil endre norsk politikk.

Foto: William Jobling / NRK

Sjølv om han er glad for at forslaget inneheld meir pengar til kommunane og fylket, er han ikkje spesielt imponert over klimatiltaka. Han peikar spesielt på dieselavgifta som ein kortsiktig tankegang.

– Å seie at det gjer det vestlandsvenleg å gjere noko med diesel avgifter, det meiner eg berre er tøv.

Ifølgje Dalin er det framleis mogleg å finne løysingar, men dei kjem ikkje til å stille seg bak forslaget som dei tre andre partia er blitt einige om.

Rotete

Det har vore stor spenning til budsjettforhandlingane der alle partia på raudgrøn side skulle finne saman for å få fleirtal.

SV ønskte å halde fram med forhandlingane utover laurdagskvelden men blei ikkje møtt på det, ifølgje partileiar Kirsti Bergstø.

– Sjølv om vi har hatt mange budsjettrundar tidlegare, er dette den absolutt mest rotete, sa Bergstø under pressekonferansen.

Ho er likevel tydeleg på at SV framleis ønsker eit samarbeid.

Den endelege budsjett-gjengen blei også møtt med hard kritikk frå opposisjon.

Erna Solberg med halskjede

– Slik styrer ein ikkje eit land. Avtalen Arbeidarpartiet har presentert i kveld, er ikkje verdt papiret han er skriven på, og milevis unna fleirtal i Stortinget. Vi må forvente meir av dei som tar på seg den store oppgåva det er å leie landet, sa Solberg.

Foto: Gorm Kallestad / NRK

Høgre-leiar Erna Solberg kalla det «pinleg» for Arbeidarpartiet, og Frp-leiar Sylvi Listhaug kalla det «totalt kaos».

– Eg har vore med i norsk politikk lenge og har opplevd mykje rart, men dette er pinleg for Arbeidarpartiet, seier Solberg.

Siste frist for å levere eit felles budsjett er søndag. Finansminister Jens Stoltenberg sa i går at deira mål er å få eit fleirtal med SV og MDG.

Publisert

30.11.2025, kl. 12.49

Oppdatert

30.11.2025, kl. 13.58