Høyesteretts ankeutval har no slått fast at anken over Borgarting lagmannsrett sin dom som fall 12. august 2025 no skal bli behandla i Høyesterett.
Det melder Norges Høgsterett sjølv på si saksliste på domstol.no.
Avgjersla vart først meldt av NRK.
Med denne avgjersla vert altså saka om fjorddeponiet i Førdefjorden prøvd i det øvste rettsorganet i Norge.
Lagmannsretten: – Ugyldig løyve
Lagmannstetten slo først fast at løyvet Nordic mining fekk til å deponere gruveavfall i Førdefjorden var ugyldig.
Dette skapte stor jubel hos miljørørsla, men jubelen vart kortvarig. Etter at dommen fall gjekk det ikkje lang tid før Staten gjorde det klart at dei ville anke.

Les også
Staten ankar Førdefjorden-dommen: – Knusande
«Staten er usamd i vurderinga frå lagmannsretten og meiner at retten tolkar vassforskrifta feil på fleire punkt. Etter ei grundig vurdering er konklusjonen derfor at staten ankar dommen», skreiv regjeringa då dette var klart.
Bad om trekt løyve
Naturvernorganisasjonane var naturleg nok svært skuffa over statens avgjerd.
– Sjansen for at staten skal vinne i Høgsterett er svært liten. Dommen frå lagmannsretten er så knusande at det einaste ansvarlege er å trekkje utsleppsløyvet tilbake. Sjølv om staten har rett til å anke, kan ikkje det bety at gruveselskapet skal få lov til å øydeleggje fjorden medan saka går sin gang, uttalte Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet i ei pressemelding etter at statens gjorde det klart at dei ville anke.
Og no er det ikkje lenger tvil: Med grønt lys frå Høgstetts ankeutval vert saka behandla i Høgsterett.