Mannen frå Sunnfjord var på vennetur i Polen då han forsvann. Vest politidistrikt har tysdag fått ei oppdatering frå politiet i Polen.

– Polsk politi informerer om at dei har sikra videoovervaking utanfor utestaden saknande sist var observerte. Saknande var sist observert ved utestaden ZEN i Warszawa den 22. november, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Sakna var på klubben til omtrent klokka 4.18 og litt seinare gjekk han langs bygningen og inn i eit område utan kameraovervaking.

Hundar følgde spor til elva

– Politiet har brukt søkshundar for å lokalisere spor etter saknande. Hundane har følgt eit spor til elva Wisła, skriv politiet.

Politiet i Warszawa fekk klokka 6 om morgonen laurdag 22. november ein nødsamtale om ein person som sumde i elva Wisła.

– Vitne (fiskarar) har opplyst at dei såg ein person sova på ein benk nær elva. Deretter har dei høyrt eit plask og såg personen symja mot Poniatowskibroen.

Beskrivinga som vitna har gitt stemmer med beskrivinga av kleda sakna skal ha hatt på seg og kleda personen ved utestaden hadde på seg.

– Drive med straumen

– Basert på videoovervaking frå staden er det stadfesta at ein mann med same klesdrakt går ut i elva og at han vart driven med straumen nedover elva.

Ifølgje polsk politi kan det sjå ut som at den sakna nordmannen har drukna.

– Polsk politi held fram søket og seier dei vil setje i verk alle moglege tiltak for å finne saknande, skriv Vest politidistrikt.

– Pårørande er orienterte og har fått siste oppdatering, seier politioverbetjent Oda Elvegård Thorstad ved Sunnfjord politistasjon til NTB.

(©NPK)