Saka oppsummert
- College of Europe, ein prestisjeskule for EU, og EUs utanriksteneste er under etterforsking for mogleg korrupsjon og interessekonflikt.
- Politiet gjennomførte razziar i Brugge og Brussel, og tre personar er pågripne for avhøyr.
- Mistanken gjeld innsideinformasjon knytt til tildelinga av kontrakten for EU Diplomat Academy i 2021–2022.
- Federica Mogherini, tidlegare EU-utanrikssjef og direktør for diplomatakademiet, er peika ut som ein av dei pågripne, men dette er ikkje stadfesta.
- EU-kommisjonen vil ikkje kommentere etterforskinga.
College of Europe har vore årestaden for EUs maktelite sidan 1949.
Prestisjeskulen har produsert ei rekke toppolitikarar- og diplomatar, og gitt studentane sine prestisje og nettverk som har opna dørene til kremjobbar i Brussel seinare.
No står institusjonen midt i ei mogleg korrupsjonsskandale.
College of Europe i Brugge.
Foto: KURT DESPLENTER / AFP / NTB
Tidleg tysdag morgon tok politimenn kledde i sivilt seg inn på skulens bygg i den belgiske byen Brugge, og gjennomførte ein razzia.
Samstundes gjekk politiet i Brussel til aksjon mot hovudkvarteret til EUs utanriksteneste, EEAS.
Inngangen til EUs utanriksteneste i Brussel.
Foto: NICOLAS TUCAT / AFP / NTB
Tre personar er pågripne og skal i avhøyr, mistenkte for bedrageri, ifølge EU-påtalemakta Eppo.
Ingen er sikta.
Vi må tilbake nokre år for å sjå på saka som no blir etterforska.
Elitefabrikk under lupa
I 2021 og 2022 konkurrerte nokre av dei beste utdannings- og forskingsinstitusjonane i Europa om å få drive pilotprosjektet EU Diplomat Academy.
Her skulle EUs framtidige diplomatar gjennom eit ni månadar langt opplæringsprogram, finansiert av EEAS.
Kontrakten var lukrativ: nær ein million euro i EU-middel, i tillegg til høg status i Brussel-miljøet.
Federica Mogherini.
Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / NTB
Til slutt gjekk kontrakten til College of Europe, med Federica Mogherini som direktør for diplomatakademiet.
Men allereie før midla blei offisielt tildelte skulen, kjøpte dei eit bygg i Brugge til å huse diplomataspirantane, skriv avisa Euractiv, som har kjelder i EUs diplomatiske teneste.
Mistenker innsideinformasjon
Eppo opplyser at det er mistanke om at innsideinformasjon blei delt med éin av kandidatane som deltok i anbodsrunden.
Dei mistenker brot på artikkel 169 i EUs finansforordning, som skal sikre open og rettferdig konkurranse.
Etterforskinga har skaka EUs diplomatiske miljø, og fleire stiller spørsmål ved EUs elitesystem og bruken av offentlege middel.
Foto: KURT DESPLENTER / AFP / NTB
Fleire medium peikar på nettopp Federica Mogherini som ei av dei som blei pågripne i Brugge i dag, men dette er ikkje offisielt stadfesta.
Mogherini er blant dei mest profilerte skikkelsane i EU det siste tiåret.
Tidlegare har ho vore både utanrikssjef i EU og visepresident i EU-kommisjonen.
Mogherini saman med Jens Stoltenberg i 2019.
Foto: STEPHANIE LECOCQ / AFP / NTB
Dei belgiske avisene Le Soir og L’Echo siterer anonyme kjelder på at Mogherini er sett i varetekt.
Fjerna immunitet
Eppo, som etterforskar økonomisk kriminalitet mot EU-middel, fekk først oppheva immuniteten til fleire av dei mistenkte.
Immunitet skal beskytte EU-tenestepersonar mot politisk motivert forfølging, men kan bli fjerna når det er mistanke om straffbare handlingar.
Antikorrupsjonsbyrået Olaf hjelper også i etterforskinga.
EU-kommisjonen stadfestar at det er gjort søk mot utanrikstenesta, men avstår frå å kommentere etterforskinga eller kven som er pågripne.
Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens podkast:
Publisert
02.12.2025, kl. 20.09