Tysdag ettermiddag informerer norsk politi i ei pressemelding om at det er gjort nye funn i etterforskinga knytt til sakna Oliver Rivedal i Polen.

Polsk politi har sikra videoovervaking og vitneobservasjonar som passar skildringa av Oliver, til ei hending i elva Wisla. Også søkshundar har følgt spor etter sakna til elva.

På bakgrunn av dette trur politiet at den sakna sunnfjordingen kan ha hamna i elva og drukna.

– Familien står i ein veldig krevjande situasjon. Dei har formidla til oss at det var ein vanskeleg beskjed å få, seier politietterforskar Oda Thorstad til Firda.

Sunnfjordingen vart meldt sakna av pårørande laurdag 22. november. Han vart sist observert ved ein utestad i Warszawa, der han var på venetur.

Politiet vil halde fram med å søke etter sunnfjordingen og fortel at dei vil sette i verk alle moglege tiltak for å finne han.

– Politiet i Polen fokuserer søket etter mannen i elva og elvekanten, seier Thorstad.