Hovudtrenar Luis Pimenta og assistenttrenar Miguel Barata har begge inngått ein ny kontrakt med Sogndal Fotball.
Trenarteamet har signert kontraktar ut 2028-sesongen, melder Sogndal Fotball på sine nettsider.
Duoen vart presenterte som nye trenarar for Obos-klubben frå Sogn for den 9. desember i fjor, og Pimenta tok over etter Tore André Flo i hovudtrenarstolen.
Til Sogndalfotball.no skriv klubben at dei har tru på at det forlenga samarbeidet kan føre til at ein tek nye steg sportsleg, og at Pimenta og resten av støtteapparatet er det rette valet for framtida.
For abonnentar

Les også
Ingrid Narum er ny leiar i Sogndal Fotball
For abonnentar

Les også
Per Egil Flo legg fotballskoa på hylla