(FIRDA:) Tysdag ettermiddag informerer norsk politi i ei pressemelding om at det er gjort nye funn i etterforskinga knytt til sakna Oliver Rivedal i Polen.
Polsk politi har sikra videoovervaking og vitneobservasjonar som passar skildringa av Oliver, til ei hending i elva Wisla. Også søkshundar har følgt spor etter sakna til elva.
På bakgrunn av dette trur politiet at den sakna sunnfjordingen kan ha hamna i elva og drukna.
– Familien står i ein veldig krevjande situasjon. Dei har formidla til oss at det var ein vanskeleg beskjed å få, seier politietterforskar Oda Thorstad til Firda.
Sunnfjordingen vart meldt sakna av pårørande laurdag 22. november. Han vart sist observert ved ein utestad i Warszawa, der han var på venetur.
Politiet vil halde fram med å søke etter sunnfjordingen og fortel at dei vil sette i verk alle moglege tiltak for å finne han.
– Politiet i Polen fokuserer søket etter mannen i elva og elvekanten, seier Thorstad.
Les også
Sunnfjording sakna: Dette gjer polsk politi

Les også
Ung mann frå Sunnfjord er sakna i Polen