På veg inn i Oslo tingrett svarte Røkke kort på spørsmål frå journalistane.

– Kva blir viktig for deg å få sagt i dag?

– Faktum, svarar Røkke.

Her kjem Røkke til Oslo tingrett.

Finansmannen Christen Sveeas står i spissen for søksmålet mot blant andre Røkke sitt selskap Aker.

Sveaas og fleire minoritetsaksjonærar meiner Røkke auka sin eigardel i skipa i offshorereiarlaget Solstad Offshore på urettmessig vis gjennom ei omstridd refinansiering, som gjekk hardt utover dei andre aksjonærane.

«Tigeren i Sveits»

Karakteristikkane har hagla om Røkke så langt i rettssaka. Han har blitt kalla både «tigeren» og «løva» i Sveits.

Timevis av lydopptak har blitt spelt av i retten, men stemma til Røkke har ein så langt ikkje høyrt.

Røkke har nemleg ringt via Whatsapp – som finansrådgjevar i saka, Pareto, hevdar dei ikkje har utstyr for å ta opp samtalar frå.

En kledd mann står i fokus og gestikulerer mens han snakker. Flere personer i bakgrunnen holder mikrofoner og mobiltelefoner. Omgivelsene ser ut til å være en offentlig plass, muligens en bygning med vinduer. Det er en samling av mennesker, trolig journalister, som filmer og lytter.

Etter at Røkke flytta til Sveits, er han ikkje lenger ofte å sjå i Noreg. Han bruker no nokre av dei totalt 61 dagane han kan opphalde seg i landet skattefritt, for å vitne i saka.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Difor er mange svært spente på å høyre kva han har å seie.

Det heile starta med formalia: at Røkke er 58 år og styreleiar i Aker ASA. Og at han lover å snakke sant.

– Det forsikrar eg på ære og samvit.

Røkke og Aker har heile vegen avvist skuldingane.

Økonomikommentator i NRK, Cecilie Langum Becker, forklarer konflikten mellom milliardærane Kjell Inge Røkke og Christen Sveaas.

Høyr nokre av lydopptaka som er spelt av i retten:

Maratonsaka er inne i si niande av totalt 13 veker.

Dette skal retten ta stilling til

Jussen i saka handlar i korte trekk om likebehandlingsprinsippet.

Eit svært viktig prinsipp i Noreg er at aksjonærar i eit selskap skal bli behandla likt.

Treng eit selskap å hente inn meir eigenkapital, til dømes, skal dei som har aksjar i selskapet frå før, ha ein fortrinnsrett til dei nye aksjane.

Har du ein aksje, så skal du ha rett på ein ny aksje.

Sveaas og dei andre saksøkarane skuldar styret og leiinga i Solstad Offshore for å ha brote dette prinsippet, då dei sa ja til redningsplanen Røkke og Aker – utan å ta den via generalforsamlinga.

Saksøkarane meiner at Røkke og Aker brukte makt og truslar for å få det som dei ville.

  • Les meir om alle detaljane i saka her

Røkke og Aker sin redningsplan

  • Ein skulle flytte 35 av Solstad Offshore sine 43 skip inn i eit nytt, unotert selskap, med namnet Solstad Maritime.
  • I det nye selskapet skulle Aker Capital og Røkke-dominerte AMSC spytte inn 3,25 milliardar kroner i ny eigenkapital, og med det teikne nye aksjar for denne summen.
  • Dei resterande godt over 10 000 aksjonærane i Solstad Offshore skulle få høve til å teikne aksjar for til saman 750 millionar kroner i nye Solstad Maritime.
  • Med det ville DNB og Eksfin sikre eit nytt og gunstig lån på 9,7 milliardar kroner.

Men styret og leiinga i eit selskap kan vike frå prinsippet, dersom dei meiner det er til det beste for selskapet – og utan at det gir ein urimeleg fordel for andre aksjeeigarar.

Det er dette tingrettsdommar Helen Engebrigtsen skal ta stilling til.

Dei fem saksøkte er:

  • Styret i Solstad Offshore, for å ha forårsaka unaudsynt tap for aksjonærane, for mangel på likebehandling av aksjonærar og verdioverføring til fordel for Røkke og Aker, samt manglande lojalitet og forvarleg forvaltning.
  • Dagleg leiar Lars Peder Solstad, for å ha medverka til verdioverføringa, og for brot på plikta til å ta vare på selskapet og aksjonærane sine interesser.
  • Finansiell rådgjevar Pareto Securities, for uaktsom og partisk rådgjeving, og medansvarlege for tapet
  • Røkke sitt selskap Aker Capital, for å mistbrukt sin posisjon til å tappe Solstad Offshore for milliardverdiar og for brot på lojalitetsplikta ved å motarbeide alternative løysingar
  • Styremedlem Frank O. Reite, for brot på lojalitetsplikta, rolleblanding og interessekonflikt ved å vere styremedlem i Solstad Offshore, nestleiar i Aker og styremedlem i Røkke-dominerte AMSC samstundes.

Røkke har vore i konflikt med minoritetsaksjonærar tidlegare. I 2002 prøvde han å tvangsinnløyse minoritetsaksjonærane i Aker RGI til ein pris fleire meinte var uakseptabel. Minoritetsaksjonærane vann til slutt fram i høgsterett og fekk justert opp prisen.

Fem menn i formelle dresser står i en rettsal. En av mennene har ryggen til kameraet. Det er et bord med dokumenter og mapper i bakgrunnen. Området har en lys trevegg og beige stoler.

Bengt Rem til venstre, ved sidan av kjell Inge Røkke i midten av bildet. Her stod dei saman i Oslo tingrett i 2002.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Den gongen var Bengt Rem Røkke si høgre hand som dåverande finansdirektør. No har Rem skifta side, og fører saka på vegner av Sveaas, som sjef i Kistefos.

Publisert

04.12.2025, kl. 12.13

Oppdatert

04.12.2025, kl. 12.38