– Det er grufullt, eg får heilt skjelvingar og blir skikkeleg råka av det.
Det seier vaktmeister på Charlottenlund idrettspark i Trondheim, Jarle Martin Paulsen.
Då han kom på jobb i dag tidleg, var det til eit syn han seint vil gløyme:
Fritidsklubben, Chappa, var fullstendig ramponert. Toalettet var knust, sofaen skoren opp, vindauge var knust, måling var kasta rundt og det var tagga over alt.
←
Fleire stader var lampar og anna riven ned og det var tagga på veggar og bord
Foto: Jøte Toftaker / NRK
Toalettet og ein ukulele var knust
Foto: Jøte Toftaker / NRK
Fleire målingsspann var kasta rundt
Foto: Jøte Toftaker / NRK
Fleire vindauge hadde blitt knust i løpet av natta
Foto: Jøte Toftaker / NRK
→
– Eg tenker på kor mange ungar og barn som blir råka av dette. Det er forferdeleg, seier vaktmeisteren.
– Du har jobba her lenge. Har du nokon gong sett noko liknande hærverk før?
– Nei, eg har ikkje det. Eg har jobba her i 30 år og dette er grufullt, konstaterer Paulsen.
Vaktmeisteren har aldri sett noko liknande.
Foto: Stein Roar Leite / NRK
– Noko av det verste eg har sett
Også byråd for kultur, idrett og friluftsliv i Trondheim kommune var sjokkert over hærverket på fritidsklubben.
– Det er heilt forferdeleg. Det er noko av det verste eg har sett, seier Trond Åm.
Det er usikkert kor lang tid det vil ta for å få fritidsklubben i stand igjen etter hærverket.
– Kva konsekvensar får dette?
– No må jo klubben stengast, det er det ingen tvil om. Det må gjerast eit ganske omfattande arbeid, svarar Åm.
Byråd for kultur, idrett og friluftsliv, Trond Åm, seier det er trist
Foto: Jøte Toftaker / NRK
Fritidsklubben er ein viktig møteplass for fleire av ungdommane på austsida av Trondheim.
– Me veit at dette er eit viktig tilbod for ungdom som vil treffe vener, ha aktivitetar og nokon treng vaksenkontakt. Dette får først og fremst konsekvensar for dei.
No må kommunen kartlegge kor omfattande skadane er for å få fiksa fritidsklubben.
Men det lover byråden at dei kjem til å prioritere høgt.
– Me må sørge for at sjappa blir opna igjen, så fort som mogeleg.
Det var mykje rot i tillegg til hærverk på fritidsklubben.
Foto: Jøte Toftaker / NRK
Etterforskar saka
Politiet blei varsla av vaktmeister Paulsen, kort tid etter han oppdaga hærverket.
Ein patrulje rykka ut til staden for å gjere undersøkingar.
Dei sikra bilete av åstaden for hærverket, sikra DNA-spor og oppretta sak.
– Me fortset etterforskinga og prøve å finne ut kven det er som er gjerningspersonar.
Det seier politiadvokat Marthe Kulseth Dahl.
Publisert
04.12.2025, kl. 20.22