– Det vil alltid vere bruk for vedlikehald og sånt. Eg er ganske sikker på at vi har jobb i lang tid framover, seier serviceteknikar John Stensvold.

Han er ein av over 200.000 med jobb knytt til petroleumssektoren i Noreg, ei næring som er vant med svingingar.

Aktiviteten i olje- og gassnæringa vil falle mot 2029 og 2030, forventar Offshore Norge.

– Ein vil absolutt merke det dei neste åra. Det er titals milliardar som forsvinn ut av investeringsporteføljen fordi prosjekt blir ferdige, seier sjeføkonom i Offshore Norge, Marius Menth Andersen.

Dei baserer dette på investeringsbudsjetta til selskapa. Allereie neste år blir det trongare.

– Framover ser vi at næringane går over ein konjunkturtopp. Investeringane ligg an til å falle i 2026 og 2027 med høvesvis 4 og 8 prosent, seier Andersen.

Dei meiner at investeringane vil kunne løfte seg utover i perioden etter kvart som det blir gjort nye funn og fleire prosjekt blir modne.

– Viss dette skal skje, så er med stabilitet og føreseielegheit i rammevilkåra heilt avgjerande for ei næring som skal investere for godt over 200 milliardar årleg dei neste åra, seier Andersen.

Kan få strøm fra land

Åsgård på Haltenbanken.

Foto: Gudmund Nymoen/Equinor / Equinor / NRK

– Nøydd til å leite

Regjeringa sitt hovudbodskap på den årlege olje- og gasskonferansen i Kristiansund torsdag var at det i all hovudsak går bra med næringa.

– Det vi ser er at det er store moglegheiter på mange område. Olje og gass kjem framleis til å vere viktig for Noreg i mange tiår framover, seier statssekretær Olje- og energidepartementet, Snorre Erichsen Skjevrak (Ap).

En mann i dress står ved en talerstol under en presentasjon. Det finnes drikkevarer og blomster på bordet. I bakgrunnen henger bannere med teksten "KNN" og "Kristiansund og Nordmøre næringsforening". Scenen er godt opplyst med en lys trevegg.

Statssekretær Olje- og energidepartementet, Snorre Erichsen Skjevrak (Ap), talte på Desemberkonferansen i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Også er det eit men, for han er tydeleg på Noreg må ta nokre vegval

– Vi er nøydd til å leite meir og finne meir, og vi har store ressursar som det går an å utnytte på sokkelen. Det er eit politisk val korleis vi vel å utnytte dei, seier Skjevrak.

Omstillingskommisjon

I budsjettforhandlingane til regjeringa fekk MDG gjennomslag for å opprette ein omstillingskommisjon. Den skal lage ein strategi for sluttfasen av den norske fossile energiproduksjonen.

Den skal bestå av partane i arbeidslivet, fagfolk og miljørørsla. Offshore Norge er budd på å bidra konstruktivt inn i det arbeidet.

– Vi tenker at dette er ein fin moglegheit for å spreie kunnskap om viktigheita av olje- og gassnæringa for norsk økonomi, men også for europeisk energitryggleik. Dette er ikkje eit utval som skal sjå på ei politisk styrt avvikling av næringa, seier Andersen.

To personer arbeider i en verkstedlignende setting. Den ene personen står ved en stor metallkomponent, mens den andre går mot kameraet. Omgivelsene inkluderer industrielle verktøy og utstyr plassert rundt dem. Lyset fra vinduene skaper en kontrast mellom skjæringen av lys og skygge i rommet.

John Stensvold og Samuel Ibrahim jobbar i leverandørindustrien. Det føler seg trygge.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fryktar ikkje for arbeidsplassane

På verkstaden til Oss-nor like ved står John Stensvold og Samuel Ibrahim og arbeider med vedlikehald av utstyr til bruk offshore. Også Ibrahim er trygg på framtida.

– Eg er ikkje redd for at arbeidsplassane forsvinn, ikkje med det første i alle fall, seier Ibrahim.

Leverandørindustrien består av rundt 2000 verksemder rundt om i landet. Dei vil ha nok å gjere framover, meiner statssekretæren.

– Dei er godt rigga for å ta nye oppdrag, og det kjem til å vere mykje å gjere i olje- og gassindustrien i lang tid framover, seier Skjevrak.

Publisert

04.12.2025, kl. 19.37