Store steinblokker rasa nemleg inn på ein campingplass.
Dagleg leiar ved Tafjord Camping, Steinar Valdersnes, seier at ei campingvogn og eit spikartelt tilhøyrande campingvogna har fått store skadar.
– Dessutan har to campingvogner fått mindre skadar. Det var ikkje folk på campingplassen då raset gjekk, men det var folk i tilhøyrande hus. Vi har stengt campingplassen fysisk, og har gitt beskjed til politi og kommune, seier Valdersnes til Sunnmørsposten.
Foto: Tipsar
Valdersnes legg til at Fjord kommune skal ha snakka med NVE, som dei reknar med kjem og inspiserer området.
– Vi gjer ingenting før vi får beskjed frå NVE eller kommunen. Vi reknar med NVE sender geologar ganske kjapt, seier Valdersnes.
Foto: Tipsar
Politiet opplyser til Sunnmørsposten fredag ettermiddag at dei fekk tips om raset torsdag kveld.
– Vi varsla Fjord kommune ved teknisk vakt og kommunedirektør. Dei som bur der er kjende med det. Det er sett opp sperringar i området, seier operasjonsleiar Jan Arild Austnes til Sunnmørsposten.
Fjord kommune har fredag ettermiddag lagt ut ei melding om saka på heimesida si.
Kommunen skriv at området er privat eigd og drifta, og at det no er avstengt.
Fredag har kommunen vore på staden for å synfare raset og registrere omfanget.
Torsdag kveld var kommunen i kontakt med politiet og vart einige om å avvente til neste dag for vidare oppfølging.
– Kommunen har kontakta NVE for vidare vurdering og ventar på svar frå dei, heiter det i meldinga.