– Dei kontrollerer dette her. Eg vil seie det er tilnærma ei treningsøkt utpå her, seier NRKs handballekspert Kenneth Gabrielsen.
Noreg spelte 37-14 mot Tsjekkia i hovudspelet i VM. Før kampen var dei norske kvinnene alt kvalifisert til ein kvartfinale.
Assistenttrenar Mats Olsson er einig i at det blei ein lett kamp mot Tsjekkia.
– Det er jo ein VM-kamp så det står poeng og prestisje på spel, men intensiteten liknar jo meir på ein treningskamp, sa Mats Olsson i pausen.
Då målforskjellen mellom laga, ti mål.
JUBLAR: Noreg vann med over 20 mål over Tsjekkia.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Håpar Noreg blir utfordra
Handballeksperten er usikker på korleis motstanden kjem til å vere når Noreg etter kvart skal spele ein kvartfinale.
– Eg håpar ikkje det blir slik som det har vore til no. Eg håpar at Noreg blir utfordra litt annleis, seier Gabrielsen.
Han held fram:
– Eg ser ikkje for meg at det skjer i ein kvartfinale.
Til no har Noreg spelt fleire kampar der dei har vunne med fleire mål.
Det er ikkje lengre enn eitt par dagar sidan dei vann overlegent over Sverige. Då vann Noreg 39-26.
I kampen mot Sør-Korea vann Noreg 34-19.
«Tøffare på våre eigne treningar»
– Eg tenkjer at me får sprunge litt, og så synest eg me står godt i forsvar. Ein legg merke til at tsjekkarane slepp opp på gassen og går tom for krefter, seier landslagsspelar Maren Aardahl til NRK.
Ho held fram:
– Det er mykje tøffare på våre eigne treningar. Det er jo det.
I motsetting til handballekspert Gabrielsen, ynskjer ikkje landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad noko spenning.
– De vinn med over 20 mål. Det blir ikkje store spenninga?
– Nei, me er glade for det, me. Me ynskjer jo ikkje noko spenning. Det er kanskje andre som gjer det, ikkje me, seier Gjekstad til NRK etter kampen.
Veronica Kristiansen
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
– Det nivået Noreg har vist så langt, så er det ingen som er i nærleiken. Det er forsvar og målvaktspel der det er stor forskjell frå dei andre laga, seier Gabrielsen.
Noreg vann med 23 mål. Både handballeksperten og landslagstrenaren trekkjer fram Veronica Kristiansen, som ein viktig spelar.
Kristiansen, som spelte sin landslagskamp nummer 200, var ifølgje landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad ein viktig spelar i kampen mot Tsjekkia.
– Veronica har vel elleve brot og stole tre ballar. Ho har vore veldig bra, sa Gjekstad til Viaplay etter fyrste omgang.
– Eg synest det var veldig gøy å spele. Me står bra bakover. Ein veldig god kamp, seier Kristiansen til Viaplay etter kampen.
LANDSLAGSTRENAR: Ole Gustav Gjekstad
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
Trass i gode resultat så langt i VM, trur landslagstrenaren at det blir tøffare motstand etter kvart.
– Me har ikkje møtt dei beste laga enda, så det blir tøffare og tøffare motstand no. Brasil blir ein test, så er det klart at det finst mange gode lag på den andre sida også. Nå får me ta Brasil og forhåpentlegvis vinne gruppa. Det er det neste målet, seier Gjekstad til NRK.
Siste hovudrundekamp blir spelt mot Brasil søndag. Kvartfinalen går av stabelen på tysdag.
Høyr kampen mellom Noreg og Brasil 7. desember på NRK Sport i radioappen:
Publisert
05.12.2025, kl. 21.53
Oppdatert
05.12.2025, kl. 22.27