Saka samanfatta:

  • Donald Trump fekk Fifas nye fredspris rett før trekkinga av Noregs VM-gruppe, noko som har skapt sterke reaksjonar.
  • Tidlegare Fifa-topp Miguel Maduro meiner tildelinga bryt med Fifas regelverk om politisk nøytralitet.
  • Kritikarar, som Minky Worden frå Human Rights Watch, samanliknar tildelinga med tidlegare tilfelle av sportsvasking i Qatar og Russland.
  • Det er uklart kva kriterium som låg til grunn for tildelinga, og fleire krev at Fifas etiske komité undersøkjer saka.
  • Mange meiner tildelinga er ein skandale og eit nytt slag mot truverdet til Fifa.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Tusen takk. Dette er verkeleg ei av dei største ærene i mitt liv, seier USAs president i det han får medaljen rundt halsen.

Fifa-president Gianni Infantino kunne dele ut fredsprisen, etter at vinnaren blei annonsert i ein video vist før VM-trekkinga i Kennedy Center i Washington.

– Dette er din pris. Dette er din fredspris. Det er også ei vakker medalje til deg som du kan ta med deg overalt du går, seier Infantino.

– Det er ei stor ære å vere her med Gianni. Eg har kjent han lenge. Han har gjort ein heilt fantastisk jobb, seier Trump.

Han held fram:

– Eg må takke familien min. Mi fantastiske førstedame. Melania, du er her, tusen takk.

En mann i blå dress får et medalje rundt halsen fra en annen mann i mørk dress. Begge står på en scene, med et trofe av verdensmesterskapet synlig foran dem. I bakgrunnen er det et svakt opplyst scenebilde som gir en festlig atmosfære. En tredje person står i bakgrunnen, delvis synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MEDALJE: Donald Trump tar på seg medaljen han fekk frå Gianni Infantino

Foto: STEPHANIE SCARBROUGH / AFP / NTB

Krev undersøkingar frå Fifas etiske komité

Det har lege i korta lenge at Trump skulle få fredsprisen. Prisen blei oppretta rett etter at det blei klart at Trump ikkje fekk Nobels fredspris tidlegare i haust.

Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har verken sagt noko om kriteria for prisen, kven som sit i juryen eller kven som er nominert.

– Det at Fifa gir ut ein fredspris er heilt uproblematisk. Problemet oppstår når prisen går til nokon som er aktive innan politikken. Da blir det eit brot på den politiske nøytraliteten, seier Miguel Maduro til NRK.

Maduro veit kva han snakkar om. Da Infantino blei vald som president i Fifa i 2016, blei han den første leiaren av Fifas uavhengige tilsynsorgan. Han hadde som jobb å sørge for at regelverket til Fifa blei følgt.

Gianni Infantino holder en hånd i været mens han taler under FIFA-kongressen. Han står bak en talerstol med navnet sitt foran seg. Bakgrunnen er blå og har teksten "EXTRAORDINARY FIFA CONGRESS 26 FEBRUAR." Det er en mikrofon på bordet, og en drinking glass er synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FIFA-PRESIDENT: Gianni Infantino blei vald som Fifa-president i 2016.

Foto: Michael Probst / AP / NTB

I regelverket, som både organisasjonen og tilsette i Fifa er pålagt å følge, står det at Fifa skal vere politisk nøytrale.

Det prinsippet meiner Maduro at er broten av president Infantino nå. Han peikar på to grunnar:

– For det første tar Fifa politisk stilling til arbeidet som blir utført av den politiske aktøren, i dette tilfellet Trump. Og for det andre, det er også ei politisk markering å gi prisen til ein mann som er aktiv i politikken.

Han meiner brotet på Fifas eigne reglar er så klart at han ventar at Fifas etiske komité opprettar ei sak mot Infantino.

– Viss Etisk komité konkluderer med at det ikkje er eit brot på reglane, må dei komme med ei grunngiving for kvifor dei meiner det. Eg er spent på den grunngivinga, seier Maduro.

En mann med en rød caps sitter ved et bord i et kontor. En annen mann står ved siden av og holder en trofé, trolig VM-trofeet. Bakgrunnen viser amerikanske flagg og kontorets dekorasjon. Scenen gir et inntrykk av et offisielt møte. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Gianni Infantino med VM-trofeet i Det ovale kontor i lag med Donald Trump tilbake i august 2025.

Foto: ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP / NTB

«Ytst spesielt»

I videoen som annonserte Donald Trump som vinnar av fredsprisen, hevda Fifa at han hadde løyst ei rekke fredsavtaler.

Fredsavtalene Fifa meiner Trump har løyst

Forskingsdirektør ved Fredsforskningsinstituttet PRIO, Siri Aas Rustad har sjekka opp kva fredsavtaler Fifa hevdar Trump har løyst. Dette seier ho:

  1. Abraham-avtalene (som er ei rekke avtaler som normaliserer forholdet mellom Israel og ei rekke arabiske land). Rustad seier avtalene går lengre tilbake enn Trump, men at Trump også bidrog i sin første presidentperiode.
  2. Fred mellom DR Kongo og Rwanda. Det stemmer at Trump bidrog til fredsavtalen, men problemet er at den militante gruppa M23, som opererer aust i Kongo og står bak mange drap, er støtta av rwandiske styresmakter, men avtalen seier at Rwanda ikkje støtter gruppa. Derfor gir eigentleg ikkje fredsavtalen fred i området.
  3. Kambodsja og Thailand – delvis sant at Trump bidrog til fred. Det var ein grensekonflikt der USA bidrog med på å få til ein våpenkvile. Problemet er, ifølge Rustad, at Trump fekk til fred ved å true med at tollen vil gå opp viss dei ikkje signerte.
  4. Kosovo og Serbia. Her er det veldig uklart kva Trump eigentleg har tatt føre seg. Lite tilseier at det har vore fare for krig.
  5. India og Pakistan. Her var det ein konflikt som har gått føre seg lenge. Pakistan seier Trump bidrog, medan India seier han ikkje gjorde noko særleg.
  6. Egypt og Etiopia. Her er det ikkje ein konflikt mellom landa, men der har vore spent på grunn av et kraftverk som Etiopia har bygt og som påverkar Egypt. Det har vore mykje uro der, men usant, ikkje nært krig her ifølge forskaren.
  7. Armenia og Aserbasjan. Her har Trump bidratt direkte og fortener honnør for det.
  8. Israel og Hamas. Der fekk han pressa gjennom ein fredsavtale. På ein annan side var USA det einaste landet som kunne gjere det, så det skulle berre mangle.

– Det er ytst spesielt. Det var venta at Trump skulle få denne prisen, men dei smør ordentleg tjukt på både grunngjevinga og ordlyden etterpå. Det verkar spesialdesigna for den amerikanske presidenten, seier NRKs utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

– Toler denne oppramsinga ein faktasjekk?

– Donald Trump likar å snakke om seg sjølv som ein fredspresident. Det var også veldig viktig i valkampen for han, at han skulle skape fred rundt i verda. Hadde denne lista stemt, så trur eg også han hadde fått Nobels fredspris i år.

Sjå kva Mikkelsen har å seie her:

Fleire reagerte då Trump vann prisen.

– Eg har verkeleg sett alt nå, skriv tidlegare Premier League-stjerne Stan Collymore på X.

Også i Noreg strøymer reaksjonane etter at Trump har mottatt fredsprisen.

– Skjer dette på ekte? skriv Einar Tørnquist.

– Den «fredsprisen» og smiskingen med Trump: Eit av fotballens flauaste augeblikk, skriv fotballekspert Lars Tjærnås på X.

En mann i mørk dress holder en FIFA-pokal, mens en annen mann i blå dress holder mikrofon. Begge står på en scene med en kunstnerisk bakgrunn. Det er en medalje hengende fra den første mannens nakke. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TAKKA: Donald Trump takka både Infantino og familien sin etter å ha mottatt prisen.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP / NTB

Samanliknar med sportsvasking i Qatar og Russland

Maduro er ikkje den einaste som reagerer sterkt på fredsprisen. Også Minky Worden, leiar av menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch, meiner tildelinga er sterkt problematisk.

– Miguel Maduro stiller spørsmål om Fifa-presidenten har kryssa linja og blitt engasjert i politikken. Eg tenker at Maga-rørsle og Trumpisme under VM kan vere ei veldig negativ utvikling. Det er ein grunn til at du ikkje skal bruke eit så stort idrettsarrangement til eiga politisk vinning, seier Worden til NRK.

Ho meiner dette VM-et er i ferd med å bli like sportsvaska som Putins VM i 2018 og Qatars VM i 2022.

– Så sportsvasking har ei lang historie, men det går ut over supporterar, spelarar og lokalsamfunna. Fifa burde heller fokusere på dei som leverer og gjennomfører meisterskapen. Arbeidarar, spelarar, supporterar og media, seier Worden.

En gruppe personer sitter på en balkong under et arrangement. En mann iført en rød slips og mørk dress er sentralt plassert. Kvinnene til høyre applauderer, mens de andre sitter stille. Gardiner i bakgrunnen gir en formell setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TIL STADES: Donald Trump og Melania Trump til stades på VM-trekkinga. Bildet er tatt nokre minutt før han fekk Fifas fredspris.

Foto: DAN MULLAN / AFP / NTB

Trudde han skulle få han

Før trekkinga kom president Donald Trump gåande i lag med Gianni Infantino på den raude løparen.

Der fekk han spørsmål frå TV 2 om Fifas nye fredspris.

– Eg veit ikkje. Eg håpar eg får han. Nokon har sagt at eg får han, men eg har ikkje fått offisiell beskjed, sa Donald Trump til den norske pressa før utdelinga.

to menn på rød løper

KOM I LAG: USAs president Donald Trump og Fifa-president Gianni Infantino kom gåande i lag på det raude løparen.

Foto: Mads Håby / NRK

– Ein skandale

Jostein Kobbeltvedt, leiar for Raftostifelsen i Bergen, meiner det ikkje er eit problem i seg sjølv at Fifa har ein fredspris.

– Men dei har ikkje sagt noko om kriterium, prosess eller kven som bestemmer, seier Kobbeltvedt til NRK og fortset:

– Gitt historikken til Fifa, og Infantino, med å bruke Fifas innverknad til å sportsvaske autoritære leiarar i Russland, Saudi-Arabia, og det siste året Trump, er det stor grunn til å frykte at prisen vil bli brukt politisk.

Jostein Hole Kobbeltvedt

Jostein Kobbeltvedt i Raftostiftelsen.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

At det nettopp var Trump som fekk prisen, kommenterer Kobbeltvedt på følgande måte:

– At Trump fekk han er ein skandale. Ein siste spikar i kista på truverdet til Fifa-leiinga, men dessverre ikkje overraskande.

Publisert

05.12.2025, kl. 18.29

Oppdatert

05.12.2025, kl. 22.01