Hendinga skjedde på eit hostell i Atteridgeville i hovudstaden Pretoria.

Totalt er 25 skada og elleve personar drepne. Blant dei drepne er eit barn på tre år, melder AFP.

– Eg kan stadfeste at totalt 25 personar blei skotne, seier talsperson for politiet Athlenda Mathe til AFP.

Mathe opplyser også at 13 menneske får behandling ved sjukehus.

– Vi blir fortalt at minst tre ukjente væpna menn gjekk inn i dette hostellet kor ei gruppe folk drakk, og dei byrja å skyte tilfeldig rundt, seier Mathe til SABC News.

Bakgrunnen for angrepet er ikkje kjent.

Interessert i meir utanriks? Lytt til redaksjonen sin podkast:

Publisert

06.12.2025, kl. 10.00

Oppdatert

06.12.2025, kl. 10.54