Politiet fekk melding om det første innbrotet fredag kveld og det andre natt til laurdag.
I begge bustadane skal eit vindauge ha blitt tatt ut.
– Det har blitt stole verdigjenstandar som smykke og bunadssølv, seier Jørgen Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Tre innbrot
Innbrota har skjedd i områda Gåseid og Klokkersundet i Ålesund.
– Det er huseigarane som har meldt frå om innbrota til politiet, seier Molnes.
Laurdag morgon melder politiet om endå eit innbrot i ein bustad i Klokkersundet.
Også der har det blitt fjerna eit vindauge. Det er så langt uklart om det har blitt stole noko frå denne bustaden.
– Vi jobbar med sporsikring og så må vi sjå om vi kan knyte innbrota til kvarandre, seier Molnes.
Innbrota skal ha skjedd i områda Gåseid og Klokkersundet i Ålesund.
Har starta etterforsking
Politiet har gjort undersøkingar på dei aktuelle adressene og starta ei etterforsking av sakene.
Kriminalteknikarar frå politiet har også vore på dei aktuelle adressene.
I tillegg har politiet søkt etter aktuelle gjerningspersonar i områda.
Jørgen Molnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Møre og Romsdal politidistrikt, Stab for kommunikasjon / Handout / Handout / NTB
Ønsker tips
Politiet ber om at folk som kan ha sett eller veit noko tipsar dei på tipsportalen deira på nett.
– Eventuelt om folk som har videoovervaking som kan ha plukka opp noko, seier Molnes.
Politiet har gjort undersøkingar der innbrota har skjedd.
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK
Publisert
06.12.2025, kl. 08.04
Oppdatert
06.12.2025, kl. 14.52