Amerikanske Jessie Diggins tok sigeren då det var 20 km fellesstart med skibyte.
Beste nordmann vart Heidi Weng, som tok 2.-plassen – 1 sekund bak vinnaren.
Simpson-Larsen hamna til slutt på ein 10.-plass, 15,4 sekund bak Diggins, med ei tid på 50:44.9.
Ho vart fjerde beste av dei norske under laurdagens renn.
I den klassiske delen hamna ho litt bak den leiande gruppa, men gav aldri slepp.
– Ho er på veg opp, ho kan gå motbakkar – det er det ingen tvil om, sa Nrk-kommentatorane under rennet.
Ho låg 12 sekund bak i skibytet, men klarte å ta igjen den leiande gruppa i den andre delen.
– Karoline jobbar intenst, sa kommentatorane medan ho tok igjen den fyrste gruppa.
Til slutt måtte ho gje frå seg nokre sekund, og hamna på 10.-plassen.
Vargar-løparen Simpson-Larsen skal også gå 10 km friteknikk i verdscupen sundag.
– Eg gler meg skikkeleg til 10 kilometeren der. Eg er i form, og har det veldig kjekt om dagen, sa 28-åringen til Hordaland i starten av veka.

Les også
Langrennslegenda Skjeldal hyllar 28-åringen: – Så fortent