– For ein thriller det blei mellom dei to! seier Fredrik Aukland.
Det blei ein tett kamp på herranes 10 kilometer fristil i Granåsen søndag.
Andreas Fjorden Ree gjekk over målstreken i Granåsen 0,4 sekund bak Einar Hedegart.
– Det er eit stort løp av Einar Hedegart, sa Fredrik Aukland i det Hedegart gjekk over målstreken.
– Det er berre å gje denne mannen ein OL-billett, seier Aukland.
Skiskyttaren vann sitt fyrste verdscuprenn. Ree tok andreplassen og Martin Løwstrøm Nyenget tok tredjeplassen.
– Sist ein skiskyttar vann eit verdscuprenn i langrenn er i 2009, seier Jann Post.
SKISKYTTAR: Einar Hedegart vann intervallstart fristil i Trondheim.
Foto: Geir Olsen / NTB
Strøyma frå leiarstolen
Hedegart var blant dei fyrste norske startande og fekk sitte lenge i leiarstolen. Då det sto om sekund mellom han og Ree, sat han og filma med telefonen.
– Eg sende «live» på Instagram. Eg fekk streng beskjed etter nokre minutt at det tydelegvis ikkje var lov, seier ein blid Hedegart til NRK etter rennet.
– Men eg fekk nesten 6000 sjåarar ein periode der. Det var kanskje litt for mange som forlét NRK og blei med på direktesendinga mi, ler han.
Andreas Fjorden Ree var 0,4 sekund bak Hedegart i mål.
Foto: Geir Olsen / NTB
«Thriller»
– Premien her kan vere ein OL-plass! sa Jann Post.
Hedegart gjekk ut i leiinga frå start. Dei andre norske herrane, med høgare startnummer kom jaktande bak.
– Dette kjem til å bli ein thriller, sa Jann Post i det Harald Østberg Amundsen tok leiinga ifrå Hedegart etter to kilometer.
Resten av løpet var det ingen som klarte å matche skiskyttaren, berre Andreas Fjorden Ree som leia nokre få sekund framfor Hedegart då det var eitt par kilometer att.
Ree tapte på slutten og hamna på ein andreplass. Martin Løwstrøm Nyenget tok tredjeplassen.
Kamp om OL-plassane
– Eg er spent. Det ein viktig dag, det er det, sa Andreas Fjorden Ree før rennet.
– I dag er det verdscup på det eg kan nesten kalle heimebane, mange ser på, det gjeld å prestere i dag, sa Einar Hedegart.
For fleire av dei norske utøvarane, gjaldt det å prestere for å kunne bli vurdert til å bli tatt ut til OL på nyåret.
Det var ikkje berre dei norske løparane, som tenkte på OL då dei gjekk. Fleire av dei fyrste startande var utøvarar som vanlegvis ikkje får gå verdscup. Dei fekk gå i Granåsen, for å prøve å kvalifisere seg til OL.
– Her ser me utøvarar som prøvar å kvalifisere seg til OL, sa Jann Post om filippinaren som måtte flytte seg for dei raskare løparane.
Lars Heggen var fyrste norske startande, og hamna bak løparane som ikkje normalt går verdscup.
I mål fekk han sjå videoen av utøvaren som starta sju plassar før han.
– Uffda. Det var nære, Å, fy!
– Kva tenker du om den situasjonen?
– Nei, altså det der er jo det verste staden å dette i løypa. det er kanskje der man har høgast fart. Der og i svingen rett der borte er kanskje de to verste stadene å falle. Så eg er glad eg ikkje datt der.
Publisert
07.12.2025, kl. 12.59
Oppdatert
07.12.2025, kl. 13.21