Sundag var det tid for 10 km fri teknikk med individuell start i verdscupen i Granåsen i Trondheim.
Laurdag kjempa ho hardt i 20 km, og hengde ved dei leiande gruppa heile vegen.
– Ho har gått fantastisk bra i bakkar denne sesongen, det såg me laurdag. Klarar ho behalda roa og trykka det ut gjennom 10 km trur eg det kan gå bra for Karoline, sa Nrk-kommentatoren då ho starta.
I 10-kilometeren enda ho med tida 26:42.4, og hamna på ein 11.-plass, bak Heidi Weng som tok 10.-plassen.
– Det vart eit nesten-løp. Det er bra, men eg trur ho har endå meir inne, sa Nrk-kommentatoren då Vargar-løparen gjekk i mål.
På toppen av pallen vart svenske Ebba Andersson med tida 26:05.3, etterfylgd av svenske Moa Ilar og amerikanske Jessie Diggins. Beste nordmann vart Astrid Øyre Slind på 4.-plassen, 19,4 sekund bak vinnaren.
Som dagen før vart Simpson-Larsen den fjerde beste av dei norske igjen, og ligg såleis bra an denne sesongen.
I intervjuet etter målgangen vedgjekk ho at det vart eit tungt løp frå starten av.
– Då er det berre å kriga med hovudet heile vegen, eg kom no meg til mål. Eg kriga i 20 kilometeren i går, og det ber eg preg av i dag.
No håpar ho på sjansen å vera med i verdscupen i Davos neste helg.

Les også
Karoline (28) blant dei beste norske: – Jobba intenst

Les også
Langrennslegenda Skjeldal hyllar 28-åringen: – Så fortent