Saka oppsummert:

  • Raudt-politikar Remi Sølvberg meiner kommunane bør få mindre makt i arealsaker for å sikre betre vern av naturen.
  • Kommunenes Sentralforbund (KS) meiner dagens system fungerer godt, og at lokalpolitikarane er best rusta til å ta avgjerder som rammar lokalsamfunnet.
  • Naturvernforbundet ønskjer strengare nasjonale rammer for arealplanlegging og meiner manglande ressursar og kompetanse i kommunane gjer det vanskeleg å prioritere naturvern.
  • Over halvparten av norsk natur er påverka av menneskelege inngrep, og arealendringar er den største trusselen mot naturmangfaldet.
  • Naturvernforbundet etterlyser betre samarbeid mellom kommunar og statsforvaltarar for å sikre meir berekraftig arealplanlegging.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av journalistar i NRK før publisering.

– Vi ser at naturen kjem tapande ut. Gong på gong på gong.

Det seier Raudt-politikar, Remi Sølvberg frå Moss. Han er stortingsrepresentant for Raudt i Østfold, og er bekymra for naturen og utbygging.

Han meiner kommunane står i eit krysspress der dei må vege verdien av urørt natur opp mot arbeidsplassar og økonomisk gevinst som utbyggarar lovar.

Sølvberg peikar på fleire prosjekt. Blant anna planane for eit stort datasenter i Sarpsborg.

Her er planarbeidet så vidt i gang, men framleis veit ein ikkje nøyaktig kor mykje natur som kan bli nedbygd.

Mann med tatoveringer vifter med hendene

Stortingsrepresentant for Raudt, Remi Sølvberg meiner lokalpolitikarane i kommunar har for lite kunnskap til å ta avgjerder i store saker som rammar naturen.

Foto: Philip A. Johannesborg / NRK

Men området som er avsett til formålet næring, er av stor størrelse.

Det er dette Sølvberg synest er problematisk. Han meiner kommunane bør få mindre rom til å bestemme, og at meir bør styrast frå nasjonalt hald.

Staten set rammene

– Det er ei misforståing at «kommunane har ansvar for arealplanlegging aleine», svarer direktør for samfunn, velferd og demokrati, Helge Eide i KS.

Helge Eide, Områdedirektør Samfunn, velferd og demokrati Kommunenes Sentralforbund

Direktør for samfunn, velferd og demokrati, Helge Eide i KS, meiner Sølvberg har misforstått.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Han forklarer at sjølv om kommunane har det siste, bindande ordet i sakene, skjer planlegginga innanfor statlege rammer.

Særleg i saker som involverer natur og inngrep i naturen.

– I konsekvensutgreiing skal verknadene til ulike omsyn, inkludert konsekvensar for natur og naturmangfald, synleggjerast.

Andre statlege og regionale myndigheiter, som Statsforvaltaren, kan også komme med innvendingar mot kommunale planar. Noko som, i følgje Eide, ofte skjer.

Han er klar på at kommunane bør behalde retten til å bestemme over sine eigne areal.

– Vi meiner det er ein stor fordel for både kunnskapsgrunnlag og effektivitet i arealplanlegginga at avgjerdene blir tekne lokalt, nærast moglege innbyggarane som blir ramma direkte av avgjerdene, seier Eide.

Skogen på Tofteberg

Eide meiner dei lokale politikarane veit best når det gjeld avgjerder som rammar lokalbefolkninga.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen

Sølvberg er einig i at staten og statsforvaltaren er inne i arealplanlegginga, men forklarer at til sjuande og sist er det kommunane som bestemmer.

– Det er og blir kommunane som er autonome og har siste ord i sakene.

Og det er nettopp det han meiner blir gale.

Godt over halvparten blir påverka

Nesten halvparten av norsk natur står på den nye Rødlista, som kom i november. Ein firedel står i fare for å forsvinne.

Ifølge Janne Bohnhorst, direktør i Artsdatabanken, er arealendringar framleis den største årsaka til dette.

– 69 prosent av naturtypane våre blir påverka av utbygging, jord- eller skogbruk, klimaendringar og forureining, seier ho til NRK.

Tidlegare i år kunne NRK fortelje at Noreg er det landet i Europa som bygger ned mest natur per innbyggar. EU sette i 2011 eit mål om at ein skulle slutte heilt med nedbygging av natur og matjord innan 2050.

Men i Europa blir det framleis bygd ned eit titals kvadratmeter natur og matjord per sekund.

Støtter nasjonale rammer

Naturvernforbundet seier det er viktig at planlegginga blir likt gjennomført over heile landet.

– Vi treng strengare rammer for all arealplanlegging i Noreg, blant anna eit nasjonalt vedtak om at vi må bli såkalla arealnøytrale, seier Holger Schlaupitz, fagleiar i Naturvernforbundet.

Fagsjef i Naturvernforbundet, Holger Schlaupitz, smiler inn i kamera

Holger Schlaupitz fagleiar i Naturvernforbundet meiner det trengst strengare rammer for all arealplanlegging i Noreg.

Foto: Ane Øvrebø / Naturvernforbundet

Han ønsker tydelegare reglar som gjer det forbode for kommunane å godta inngrep i særleg verdifull natur.

Vidare peikar forbundet på at det kan vere vanskeleg for kvar enkelt kommune å vurdere naturomsyn på grunn av manglande ressursar og kompetanse.

– Det kjem også av at det er vanskeleg å få lokalpolitikarane til å ta omsyn til naturverdiane når dette kan hindre auka inntekter hos enkeltinnbyggarar eller kommunen. Det er særleg problematisk når det er tette band mellom politikarane og næringsinteressentane, meiner Schlaupitz.

Han understrekar at han ikkje vil at kommunane skal miste ansvaret for planlegginga.

Han saknar derimot betre samarbeid mellom dei.

– Statsforvaltarane bør bidra til betre regional planlegging, for å unngå at kommunane for eksempel etablerer næringstomter i konkurranse med kvarandre, for å tiltrekke seg aktivitet, utan at det er eit reelt behov, forklarer Schlaupitz.

Bildet viser et avskogingsområde i en skog. Store flater med avkappede trær og greiner er synlige, mens frodige trær står i nærheten. Det er også et spor etter maskiner som har fjernet trærne, synlig til venstre i bildet. Omgivelsene er preget av grønne nåletrær i bakgrunnen.

Schlaupitz i Naturvernforbundet understrekar at han ikkje vil at kommunane skal miste ansvaret, men trur eit betre samarbeid med statsforvaltaren er det som trengst.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Vanskeleg å ta gode avgjerder

Sølvberg er einig med Naturvernforbundet om at det er manglande kunnskap i lokalpolitikken. Han refererer til Viken Park saka der Statsforvaltaren fastslo at lokalpolitikarane gjorde avgjerder på mangelfullt grunnlag.

– Kommunane har ikkje ressursane til å kontrollere og sjekke ting. Og da blir det vanskeleg for kommunane å ta gode avgjerder, seier Sølvberg.

– Kva tenker du om forslaget til Naturvernforbundets om betre samarbeid mellom kommunane og statsforvaltaren?

– Eg kan sjå at det er eit poeng i det, avsluttar Sølvberg.

Publisert

07.12.2025, kl. 11.05