Hansen som opphavleg er frå Sandane i Gloppen, har signalisert at han kjem til å gi seg til våren. Han trer av frå jobben som administrerande direktør på Haukeland universitetssjukehus.

– Eg har tenkt gjennom tida som kjem både for eigen del, familien min og Haukeland Universitetssjukehus. Oppsummeringa mi er at eg seier opp stillinga som adm.dir. ved utgangen av mai 2026, seier Hansen til Helse Bergen sine nettsider.

Bergens Tidende var først ute med saka.

– Eit privilegium

Hansen har vore tilsett ved helseføretaket sidan 2009.

Han skildrar fantastiske år på universitetssjukehuset, og fortel at det har vore eit privilegium å leie det han kallar ei av dei mest komplekse verksemdene på Vestlandet.

Den avtroppande administrerande direktøren fortel at det har vore veldig mykje å glede seg over, samtidig som det har vore mange krevjande utfordringar å stå i gjennom desse åra.

– Eg trur Haukeland vil være tent med eit skifte der ein ny direktør kan sjå 5 – 10 år fram i tid og utvikle sjukehuset vidare. Eg er innstilt på å få til ein god overgang til ein ny direktør i tett dialog med styret og styreleiar, seier han til føretakets nettsider.

Respekterer avgjersla

Styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, omtalar Hansen som ein markant og viktig leiar for sjukehuset.

– Haukeland er eit uvanleg godt dreve helseforetak – eit mønsterbruk. Det er mykje Eivind sin forteneste, seier han.

Styreleiaren synest det er trist å miste Hansen som administrerande direktør, men fortel at han har respekt for avgjersla hans.