Dette er saka

Det teiknar til å bli ei ny Høgre-leiing utan vestlandsrepresentasjon etter at Peter Frølich trekte sitt kandidatur i helga. No blir det mobilisert langs kysten og rundt omkring i landet for å sikre geografisk spreiing i den nye leiartrioen – før Austlandet «stikk av» med heile potten.

– Eg skal vere heilt klar: Eg held fast ved det eg har vedtatt, seier Peter Frølich til NRK.

– Har du blitt oppfordra til å trekke kandidaturet ditt?

– Nei! På ingen måte.

Laurdag gav han valkomiteen beskjed på om at verva som nestleiar ikkje samsvarer med å bli leiar av utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, og at det dessutan var «personleg viktig» for han å gi plass til Ola Svenneby i leiarkabalen.

Sidan har fleire partikollegaer langs kysten gitt uttrykk for at det er lov å ombestemme seg og at det «ikkje er for seint å snu».

Tre personer sitter rundt et bord i et studio. En av dem holder en kaffekopp og gestikulerer. På veggen bak dem er flere skjermer med bilder og tekst. Det er mikrofoner plassert foran hver person. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– At mitt val også gir rom for eit så ekstraordinært politisk talent som Ola Svenneby som nestleiar, er personleg viktig for meg, seier Peter Christian Frølich.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Håpar han ombestemmer seg

– Peter er den openberre kandidaten som etter mitt syn burde inn som nestleiar, og eg håpar han ombestemmer seg før landsmøtet, sa bergenspolitikar Eivind Nævdal-Bolstad (H) søndag formiddag.

Måndag var NRK i kontakt med fleire ordførarar langs kysten som gav uttrykk for det same. Sjå under.

  • Yngve Fosse

    NRK

    Yngve Fosse (H), ordførar i Askøy

    Eg er einig med Nævdal-Bolstad. PC er ein naturleg kandidat og håpar sjølvsagt han ombestemmer seg.

  • Bengt Solheim-Olsen

    Oddgeir Sæle

    Bengt Solheim-Olsen (H), ordførar i Kinn

    – Nærer du eit håp om at Frølich skal ombestemme seg?

    – Ja. Så skjønner eg jo at det er kapasitetsproblem om han òg skal leie utanrikskomiteen på Stortinget, men vi får sjå.

  • Vegard Bjørnevik

    Høyre

    Vegard Bjørnevik (H), ordførar i Kvinnherad

    Eg delar oppfatninga om at Frølich har ofra seg for den kortsiktige husfreden si skuld, og meiner framleis at han bør veljast til ein av to nestleiarar.

  • Tom Georg Indrevik

    Benjamin Dyrdal

    Tom Georg Indrevik (H), ordførar i Øygarden

    Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) kallar det «eit feilsteg» at Frølich ikkje lenger er ein del av diskusjonen.

Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) trekker fram Erlend Svardal Bøe (som representerer Tromsø på Stortinget) som ein mogleg «joker» og vestlandsalibi i den Høgre-leiinga:

– Han er fødd og oppvaksen i Florø, og vestlending god som nokon.

Nordland Høgre vedtok søndag kveld at det ikkje er politisk berekraftig med tre «Oslo-representantar» i Høgre-leiinga.

Ein tilsvarande uttale blei send til valkomiteen frå Rogaland Høgre 26. november:

«Vi meiner derfor at Høgre treng ein leiartrio – og eit breiare leiarlag – som speglar heile landet. Dei siste åra har for mykje makt og gjennomslag vore konsentrerte rundt ein liten krets i Oslo.»

– Ser ikkje noko problem med å ha begge oppgåvene

Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik meiner at det nye «distriktsopprøret» i partiet sender «eit tydeleg signal» om at valkomiteen har ein jobb å gjere:

– Frølich ville gjort ein god jobb som nestleiar og eg ser ikkje noko problem om han ville ha hatt begge oppgåvene (nestleiar pluss leiar av utanriks- og forsvarskomiteen, journ.anm..).

– Men da må han vere tydeleg på om han vil.

I tillegg til ny leiartrio skal Høgre sette saman eit nytt arbeidsutval (AU).

Bergen-ordførar Marit Warncke (H) seier til NRK at toppleiinga «må ha ei betre geografisk spreiing» og at Vestlandet bør vere representert.

– PC er ein svært god kandidat, men om han har «ofra seg for husfreden» veit eg ingenting om.

Marit Warncke (H)

Bergen-ordførar Marit Warncke (H) seier til NRK at toppleiinga «må ha ei betre geografisk spreiing» og at Vestlandet bør vere representert.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Publisert

08.12.2025, kl. 17.48