Eit overvakingskamera fanga at Førde-mannen Oliver Rivedal (23) sklei og fall uti elva.

Det melder politiet i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Pårørande har vore i Polen og snakka med polsk politi. Kommunikasjonsdirektør i Vest politidistrikt, Arne Lutro, melder at familien ønsker å formidle og stadfeste at dei har sett ein overvakingsvideo langs Elva Wisla.

«På video ser dei at Oliver står ved elvekanten, han sklir og deretter fell ut i vatnet. Han prøver å symje mot land, men blir teken av straumen og ført nedover elva der han til slutt går under», skriv Lutro i ei pressemelding.

Hendinga framstår med det som ei tragisk ulykke, og at det ikkje var noko intensjon frå Oliver om å gå uti elva.

«Dei pårørande har sjølv oppsøkt staden og kan stadfeste at det var svært glatt langs elvekanten», står det i meldinga.