Saka samanfatta:

  • Ny sykkelveg, kollektivknutepunkt og parkeringshus opna ved Ålesund sjukehus.
  • Passasjen parkering er universelt utforma og fungerer som hovudinngang mellom busstoppet og sjukehuset.
  • 600 parkeringsplassar er tilgjengelege, med moglegheit for utviding.
  • Ny busshaldeplass skal gi betre effektivitet og mindre forseinkingar for kollektivtrafikken.
  • Mesteparten av vegen frå busshaldeplassen til sjukehuset er no under tak, noko som skal forenkle tilkomsten for passasjerar.
  • Prosjektet er gjennomført i samarbeid med fleire aktørar.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Måndag opna den nye sykkelvegen og knutepunktet for kollektivtrafikk ved Ålesund sjukehus.

For første gang kunne folk bruke Passasjen parkering, som også forbind busstoppet med inngangen til sjukehuset.

På sikt skal ein kunne gå tørrskodd heilt inn.

– Dette her skal bli bra, uansett vêr og vind!, seier styreleiar i Sunnmøre parkering, Berit Sørland Wennersberg.

Passasjen parkeringshus ved Ålesund sjukehus skal gjere det enklare å parkere ved sjukehuset, og gje kort veg frå busstopp til hovedinngangen ved sjukehusetPassasjen parkeringshus ved Ålesund sjukehus skal gjere det enklare å parkere ved sjukehuset, og gje kort veg frå busstopp til hovedinngangen ved sjukehuset

Vegen mellom busstoppet og parkeringsbygget Passasjen har varmekablar for å hindre at det frys.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sunnmøre parkering har samarbeidd med fleire andre aktørar om å realisere prosjektet.

– Passasjen er universelt forma ut. Her har vi brukt forskjellige fargar og materialar for å skilje dette frå parkeringsplassen, seier Wennersberg.

No er det lagt opp til 600 parkeringsplassar ved sjukehuset, og Wennersberg seier dei har rigga til to ekstra etasjar dersom det er behov for fleire.

– Vi er frykteleg stolte av at vi har klart å reise dette bygget.

Ny passasje og kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehusNy passasje og kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus

No går ikkje bussen lengre ned til sjukehuset.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ny busshaldeplass

Den nye busshaldeplassen vil no heite «Ålesund sjukehus», og ligg ikkje langt unna den nye hovudinngangen til sjukehuset.

Avdelingssjef i Fram, Stig Helle-Tautra, trur det er ein fordel at bussen har fått ny haldeplass.

– Vi får mindre forseinkingar og det vil bli meir effektivt for oss.

Ny passasje og kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus

Stig Helle-Tautra trur det vil bli færre forseinkingar no.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Inge Rønstad er rådgjevar i transportselskapet Fram, og er positiv til prosjektet.

Han seier at den største forskjellen for passasjerane blir at mesteparten av vegen til sjukehuset no blir under tak.

– Den store forskjellen for oss blir at bussane ikkje går ned bakken til sjukehuset lengre. Det er jo ein stor fordel for oss, sidan vi har hatt utfordringar, spesielt på vinteren når bussane står og spinn.

Ole Kristian Birkeland er prosjektleiar i Statens vegvesen, og vil rette ein takk til alle som har passert anlegget medan dei har arbeidd.

– Takk til bilistar, trafikantar og fotgjengarar. Det er jo omstendeleg arbeid, men det har gått bra.

Publisert

08.12.2025, kl. 20.01