Ein mann er frakta til sjukehus etter at det brann i ei kjellarleilegheit i ei bustadblokk i Årstad i Bergen natt til tysdag. 28 personar blei evakuerte. Naudetetatane rykte ut på melding klokka 03.18.
– Det kom då melding om flammar og røyk. Me var raskt på staden og fekk starta evakuering, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.
Ifølgje politiet har mannen fått i seg røyk, men var medviten. Det er ukjend kor skadd han er. Klokka 04.02 melde politiet at brannen er sløkt.
– Leilegheita det brann i, er nok ganske utbrend.
Dei fleste av dei evakuerte har fått flytta heim igjen, men det er tre personar som ikkje får returnera til leilegheitene sine no. Politiet opprettar sak. Brannvesenet er igjen og held på med utlufting og restverdisikring.