Hausten 2023 avdekte politiet eit stort nettverk av personar som dreiv med ulovleg omsetning og sanking av fugleegg.
Totalt 16 menn i nettverket blei sikta i saka. Dei var i alderen 32 til 82 år og busette over heile Noreg. Totalt åtte politidistrikt har vore involverte og det blei tatt beslag i ca. 56.000 egg.
Økokrim har etterforska tre saker. No melder dei at to menn er tiltalte for grove brot på viltlova.
– Begge to er tiltalte for ulovleg oppbevaring og omsetting av fugleegg, seier Ida Sletsjøe, politiadvokat i Økokrim til NRK.
Det er snakk om to menn i 50- og 80-åra frå Møre og Romsdal. Det var TV 2 som først meldte dette.
– Alvorleg
Mannen i 50-åra også tiltalt for innførsel og utførsel av egg frå artar som står på den såkalla CITES-lista utan å ha hatt løyve.
– CITES-lista er eit eige regelverk som skal beskytte artar som er trua av internasjonal handel, seier Sletsjøe.
Ida Sletsjøe, politiadvokat i Økokrim.
Foto: Politiet
Økokrim seier at sakene, sett under eitt, er dei mest omfattande og alvorlege sakene som er avdekte i Noreg når det gjeld oppbevaring, samling, kjøp og sal av egg.
Sletsjøe vektlegg at dei ser alvorleg på sakene.
– Vi meiner at dette er alvorleg miljøkriminalitet. Det er ein direkte trussel mot at mange fugleartar skal kunne overleve.
Sletsjøe seier at dei sikta i saka har kjøpt og seld egg i ei nettverk, som har vore med på å skape ein marknad for ulovleg omsetting.
– Vi har avdekt til saman 16 personar i Noreg, og vi har også funne namn på personar i utlandet. Informasjonen i dei norske sakene har ført til etterforsking i både Storbritannia og Australia.
– Det dei involverte har til felles er at dei er veldig interesserte i egg, legg ho til.
Dei involverte i nettverket skal ha kjøpt og seld egg. Det skal også ha blitt gitt vekk egg.
Foto: Politiet
Fleire hundre egg
Mannen i 80-åra skal ifølge tiltalen ha oppbevart 174 fugleegg frå viltartar. Over ei periode frå 2021 til 2023 skal han ha kjøp, seld, mottatt eller gitt bort 630 egg til rundt 349.000 kroner.
– Av desse var 32 frå arter kategorisert som kritisk trua, 45 som sterkt trua, 77 som sårbare og 82 som nær trua på Norsk raudliste for artar, står det i tiltalen.
Mannen i 50-åra er tiltalt for å ha oppbevart åtte fugleegg frå viltartar.
I tillegg skal han ha kjøpt, seld, mottatt og gitt vekk minst 327 fugleegg frå viltartar til ein pris på ca. 68.000 kroner.
– Av desse var 21 frå arter kategorisert som kritisk trua, 22 som sterkt trua, 28 som sårbare og 43 som nær trua på Norsk raudliste for arter, står det i tiltalen.
Han er også tiltalt for innførsel og utførsel av ein rekke egg frå artar som står på den såkalla CITES-lista, utan å ha hatt løyve.
Oddvar Aarsæther er advokaten til mannen i 50-åra. Han seier at dei ikkje har ein kommentar til saka.
Advokat Steinar Wiik Sørvik, som representerer den andre mannen, skriv i ein SMS til NRK at han ikkje kan kommentere saka fordi han er opptatt i retten.
Politiet har gjort fleire beslag i samband med saka.
Foto: Politiet
Utryddingstrua artar
Den siste av dei tre sakene som Økokrim etterforskar vil bli ferdigstilt over nyttår.
Sletsjøe utelukkar ikkje at det kan kome fleire tiltalar i saka.
Ifølge Økokrim er mange av egga, i sakene som er etterforska, frå artar som er utryddingstrua.
Blant anna skal det ha vore kritisk truga artar som viersporv, hauksangar, hortulan, snøugle, åkerrikse, vipe og lomvi.
– Egg-sakene har vore spesielt viktig å følgje opp sidan mange fugleartar er truga av utrydding, seier Sletsjøe.
– Omsetning av fugleegg er alvorleg fordi det fungerer som ein drivar for ulovleg sanking av egg. Egg frå truga artar er ofte vanskelege å få tak i og skaper ei større etterspurnad i marknaden, legg ho til.
Lomvi er kritisk trua i Noreg i dag.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK
Publisert
09.12.2025, kl. 13.22
Oppdatert
09.12.2025, kl. 14.23