– Me skal sjå på kva som må bli gjort, om det blir regelendringar eller andre tiltak som trengst, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK om kor vidt nordmenn kan samlast under VM, også midt på natta.

Dei to første kampane til Norge i VM neste år går klokka 00.00 og 02.00 norsk tid.

Uttalen frå statsministeren kom berre dagar etter at Olav Madland, dagleg leiar ved Stasjoen pub på Varhaug, sa til Jærbladet at han håpte på hjelp frå styresmaktene – slik at han kan arrangera VM-fest ved puben.

– Me kan jo håpa på eit nasjonalt vedtak om at me får ha ope og skjenka lenger. Elles er det vel opp til kvar kommune, sa Madland.

Nå uttaler altså Jonas Gahr Støre til statskanalen at dei skal finna ei løysing.

– Det er ein tradisjon i Norge at folk går på utestader for å sjå kampar saman. Dette er noko me skal finna ei løysing på i god tid før VM, seier Støre.

Bransjesjef for servering i NHO Reiseliv, Tobias Strandskog-Christensen, seier at det er fantastiske nyheiter.

– Det er bra at regjeringa sørgjer for at VM blir ein folkefest. Serveringsbransjen står klar til å bidra, seier han.

Norge møter Irak, Bolivia eller Surinam i Boston midnatt 17. juni, Senegal i New York klokka 02:00 22. juni og Frankrike i Boston klokka 21:00 26. juni.

Bryne næringsforening vil også arrangera VM-fest på Jæren etter modell frå festen på torget då Erling Braut Haaland og Manchester City var i Champions League-finalen mot Inter i 2023.

Dagleg leiar Kenneth Lia har overfor Jærbladet varsla ei oppdatering om planane denne veka.