Saka samanfatta:

  • Lisanne Djikstra, kjent frå rettssaka mot Vågå-ordførar Rune Øygard, får Fritt Ords Honnørpris i januar 2026.
  • Ho har fortalt si historie gjennom NRK-podkasten «Hele Historien: Jenta og ordføraren».
  • Prisen heidrar hennar sivile mot og bruk av det frie ord for å avsløre maktovergrep.
  • Styreleiar Bård Vegard Solhjell understrekar kor viktig hennar historie er for samfunnet.
  • Djikstra håpar historia hennar kan inspirere andre til å seie frå om urett.
  • Fritt Ord meiner ho formidlar si oppleving på ein måte som vedkjem oss alle.
  • Prisen er på 100 000 kroner og ein vase.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Lisanne Djikstra gjekk gjennom tre rettssaker i 2012 og 2013. På tiltalebenken sat ein mann som var 36 år eldre enn henne, tiltalt for seksuelle overgrep.

Ordføraren vart dømd, og Lisanne har levd livet sitt vidare.

I dag er ho 30 år og i haust har ho fortalt si historie for heile landet gjennom podkasten «Hele Historien: Jenta og ordføraren».

Fritt Ord er ei stifting som mellom anna jobbar for ytringsfridom. Honnørprisen deira blir gjerne delt ut i samband med ei aktuell sak.

6. januar får altså kvinna frå Gudbrandsdalen prisen både for å ha stått opp mot urett medan ho var barn. Og for å fortelle si historie igjen som vaksen.

Fra en pause i rettsaken mot Rune Øygard i Tingretten i 2012

I 2012 og 2013 stod Lisanne opp for seg sjølv i tre rettsrundar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Vart overraska

Djikstra innrømmer at ho vart veldig overraska da Fritt Ord tok kontakt om prisen.

– Men eg synest det er kjempehyggeleg.

Etter podkasten og artikkelen kom ut hos NRK i haust har ho fått veldig mange meldingar. Alle hyggelege, fortel 30-åringen.

Ei historie som vedkjem alle

Styreleiar Bård Vegard Solhjell i Fritt Ord, seier til NRK at Lisanne minner oss om kor viktig sivilt mot er for oss som samfunn og enkeltmenneske.

– Ho har vist kor mykje det frie ord har å seie for demokratiet, lokalt og nasjonalt, seier Solhjell.

– Og ved å fortelje om det nå i ettertid, så har ho òg gjort den historia relevant for oss og heile samfunnet. Så ho har vist stort mot i bruken av det frie ord, og det har fått viktige konsekvensar.

Bård Vegard Solhjell, leder i Fornybar Norge i møte med Sametinget.

Styreleiar i Fritt Ord, Bård Vegard Solhjell, seier at Lisanne har brukt det frie ord til å avsløre maktovergrep.

Foto: Nils John Porsanger / NRK

Tidlegare mottakarar av Fritt Ords Honnør:

  • Sarah Gaulin (2025)
  • Lærarane ved Katedralskulen i Oslo (2024)
  • Bjørn Olav Jahr (2023)
  • Ella Marie Hætta Isaksen (2023)
  • Lise Klaveness (2022)
  • Utøya og Jørgen Wathe Frydnes (2021)
  • Sara Johnsen og Pål Sletaune (2020)
  • Frank Nervik, Norun Haugen, Ola Waagen og Piraya Film (2019)
  • Hans Fredrik Dahl (2019)
  • Levi Fragell (2019)
  • Simon Malkenes (2018)

Prisen er blitt delt ut sidan 1979. Sjå heile lista over dei som har fått den på nettsida til Fritt Ord.

Fritt Ords Honnør er ein pris som blir delt ut med jamne mellomrom.

Det kan komme som eit forslag frå styret, men ganske ofte er det òg innsende forslag.

Bård Vegard Solhjell fortel at i dette tilfellet har dei fått inn forslaget.

– Men mange i styret har jo høyrd podkasten eller lese artikkelen om Lisanne. Og ho framstår som eit veldig viktig eksempel på korleis ein enkeltperson bruker det frie ordet.
Til å få fram sanninga og avsløre maktovergrep.

Prisen til Lisanne Djikstra er ei vase og 100.000 kroner frå stiftinga. Dette blir delt ut til henne 6. januar neste år.

I grunngjevinga skriv Fritt Ord at ho formidlar si oppleving lågmælt og på ei måte som gjer historia hennar til ei historie som vedkjem oss alle.

Les heile grunngjevinga her:

Grunngjevinga til Fritt Ord

Lisanne Dijkstra (30) får Fritt Ords Honnør for å ha avdekka overgrepa til ein ordførar, og vist stort ytringsmot i møte med mektige aktørar og krefter i samfunnet.

I 2013 vart ein populær ordførar dømd til fengsel etter seksuell omgang med et barn under 16 år. Overgrepet kunne ikkje vore pådømt dersom ikkje barnet hadde turt å si frå og forklare seg om det ho vart utsett for. Ho gjorde dette, nøkternt og sakleg, gjennom tre rettsrundar, og trass i sterke motkrefter. Dette var fleire år før #metoo.

Barnet, Lisanne Dijkstra, er i dag ein 30 år gammal kvinne som har skapt seg sjølv et godt liv.
Nyleg har ho fortalt om saka i NRK-serien «Hele historia». Mer enn å gi «jenta frå ordførersaken» et ansikt, formidlar ho lavmælt og utan personfokus sin oppleving av overgrepa og prosessen på ein måte som gjør hennar historie til ein historie som angår oss alle:

  • Ei historie om utnytting av maktubalanserte forhold.
  • Om at overgriparar sjeldan er monster, men oftare vanlege, trivelege folk. Om kor lett det er å sjå gjennom fingrane med det som skurrar litt når ein set pris på dei som skapar skurr.
  • Om den sosiale byrda ved å protestere i lokalsamfunn der mange kjenner kvarandre.
  • Om kva for motkrefter etablerte politiske nettverk kan representere i møte med stemmer som utfordrar dei.

Ho har også vist den tydinga eit slikt mot har for ytringsfridomen si tredje grunngjeving i «individets frie meningsdannelse”:
Det»er berre ved fritt å kunne opne opp, og stille spørsmål til det som går føre seg. Ved å ele våre opplevingar med andre og ved å søkje andre snø perspektiv på det vi sjølv opplever, at vi kan bli myndige menneske

Håpar historia kan hjelpe andre

Lisanne Djikstra innrømmer at det har vore vanskeleg å opne seg opp att, så mange år etter rettssaka. Ho seier Fritt Ords Honnør fortel henne at historia ho har fortald også er viktig for andre.

– Eg håper jo det gjer at det kan bli lettare for andre å kunne si frå om ting som ikkje er greitt.

Publisert

11.12.2025, kl. 06.00