Det er mykje sutring i avisa om kor dårleg oppmøte det var av LIK-fans på bortekampen mot Storhamar og kor dårleg det står til med LIK for tida. Ekstra ille var det at det vart arrangert showkamp og fest med gamal eurodance-musikk.
Sjølvsagt gnukkar GD og HA på dette, og algoritmane på sosiale media gler seg over fleire treff og sure kommentarar.
I staden for å sjå på A-lags kampen køyrde eg buss tur/retur Skedsmo med 22 fantastiske 8-åringar på Lillehammers U9-lag. På miniturneringa tapte vi også så det song mot Storhamar, men vi hadde det gøy! Nokre av gutane reiste utan foreldre og fekk skikkeleg kjenne på meistring. Andre knyta nye venskap på tvers av kommunegrenser og utanfor eigen skulekrins. Alle var utslitne på veg heim, men kontoen for hockey-glede hadde blitt fylt opp. Det er vel slike opplevingar som byggjer LIK si framtid?
Lillehammer Ishockeyklubb er så mykje meir enn A-laget. Eg skulle ønske fokuset låg på alt det gode arbeidet som blir lagt ned i klubben vår, på dei sportslege resultata til damelaget vårt (som ligg på andreplass på tabellen – hurra!), på jentesatsinga, på hockeyskulen, og på alle turneringar og kampar vi stiller opp på. Og eg skulle ønskje at GD brukte tid og spalteplass på dette, i staden for å dyrke negativitet rundt klubben.
Eg meiner sjølvsagt at det er viktig at vi har eit A-lag. Guten min har to store idrettsheltar: Martin Ellingsen og Theo Rooseboom de Vries. At desse to, og A-laget, gjer det bra er viktig for han, men det viktigaste er at han kjenner tilhøyrsle til klubben og til sporten. Då blir negativitet og «alt var betre før»-haldningar ikkje spesielt motiverande. Kanskje vi alle saman kan gå i oss sjølve og ha eit anna fokus?