For tredje gong denne hausten blir det stilt mistillitsforslag mot ein bergensbyråd.

Denne gong er det retta mot byrådsleiar Christine Meyer (H).

Årsaka er at byrådet bad om å få sjå dialog mellom hovodvernombod May Britt Kindem og Bergens Tidende om ei varslingssak.

– Me kan ikkje forstå dette som noko anna enn ei gjengjelding mot den som har varsla, seier Åkerblom til NRK.

Ho meiner kravet om å utlevere dialog med pressa øydelegg verneombodsfunksjonen.

– Viss verneombodet ikkje kan gjere jobben sin utan å vere redd for å få krav frå kommunen om å utlevere informasjon om det ein jobbar med, då har ein eit stort problem.

Mistillitsforslaget vil bli fremma neste veke, og skal stemmast over i bystyremøte i januar.

Mailiss Solheim-Åkerblom (Rødt)

Mailiss Solheim-Åkerblom, gruppeleiar Raudt Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Det var BT som først melde om kravet retta mot hovudverneombodet.

Bad om dialog mellom verneombod og presse

Hovudverneombod Kindem leverte eit varsel kring Kommunaldirektør Belén Birkenes si handtering av ei sak der informasjon om barn knytt til krisesenter låg offentleg tilgjengeleg.

Ein seksjonssjef miste jobben etter hendinga, og Birkenes er skulda for å ha uttalt at han måtte trekke seg «for å redde byrådet». Birkenes har avvist dette.

Dette er saka:

  • Ein sikkerhetsglipp i Bergen kommune førte til at seksjonssjef for barnevern, sosiale tenester og mangfald, måtte gå av i fjor sommar.
  • Det skjedde etter at opplysingar som kunne ha identifisert barn på krisesenter i Bergen, vart publisert på kommunen sine nettsider. Det utgjorde ein mogeleg sikkerheitsrisiko.
  • Bak lukka dører skal kommunaldirektør Belén Birkenes ha sagt at seksjonssjefen måtte gå av for å hindre at heile byrådet måtte gå av. Birkenes har avvist dette.
  • Saka førte til mistillitsforslag mot sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H). Mistillitsforslaget fekk ikkje fleirtal i bystyremøte 19. november.
  • Hovedvernombud May Britt Kinden i Bergen kommune har levert eit varsel på handteringa til Birkenes handtering av saka. Etter dette har Kindem fått krav om å sende all dialog ho har hatt med Bergens Tidende om saka til byrådsavdelinga, skriv Bergens Tidende.
  • Dette reagerer gruppeleiar Mailiss Solheim-Åkerholm i Raudt på. Det er bakgrunnen for at partiet fremmer mistillitsforslag mot byrådsleiar Christine Meyer (H).

– Det me reagerer på er til sjuande og sist byrådsleiar si handtering av denne saka, seier Åkerblom til NRK.

– Byrådsleiar seier at informasjonen som verneombodet har skal utleverast til kommunen på bakgrunn av innsynskrav. Men eit verneombod er ikkje omfatta av offentligheitslova på same måte som administrasjonen i kommunen.

– Når den øvste politiske leiaren i Bergen ikkje forstår at eit verneombod har ei heilt anna rolle enn administrasjonen, då er me på ville vegar, seier ho.

– Mange har meld om fryktkultur

Gruppeleiar i Bergen Venstre, Per-Arne Hvidstein Larsen, seier til NRK at han har full forståing for mistillitsforslaget.

– Det er ordentleg alvorlege saker det er snakk om, som me må gå grundig inn i. Det er snakk om fryktkultur og mogleg ulovleg gjengjelding mot varslar. Begge deler er svært alvorleg.

Larsen er òg leiar i bystyrets kontrollutval som har kalla Meyer inn på teppet i januar.

Venstre ventar til etter ho har svart for seg der med å ta stilling til mistillitsforslaget, seier Larsen.

– Kjenner du deg igjen i det som blir skildra om fryktkultur?

– Fryktkultur, og kanskje først og fremst uroa for at det skal oppstå ein fryktkultur, er det mange som har meld til meg.

Venstre-politiker Per-Arne Larsen

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Tredje mistillitsforslaget i haust

Dette er det tredje mistillitsforslaget mot ein bergensbyråd i haust.

Bystyremøtet i januar vil bli det tredje på rad der eit mistillitsforslag mot ein byråd skal behandlast.

Først fekk Charlotte Spurkeland, byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald, opposisjonen mot seg på grunn av for lite utbetalt bustøtte i år. Mistillitsforslaget blei nedstemt 19. november, men ho fekk sterk kritikk av støttepartiet Bergenslisten.

Same dag blei det fremja eit andre mistillitsforslag mot Spurkeland, denne gang på grunn av saka der informasjon om barn knytt til krisesenter blei publisert på kommunens nettside. Den saka skal opp i bystyret 17. desember.

– Tre mistillitsforslag på kort tid – kva betyr det?

– Det viser at det er eit byråd i Bergen som ikkje heilt har kontroll på korleis dei skal styra byen og som gjer mykje feil, svarar Åkerblom.

– Eg trur desse sakene heng veldig saman, seier ho, og viser til at mistillitsforslaget deira heng saman med eit av dei tidlegare mot Spurkeland.

Publisert

12.12.2025, kl. 10.44

Oppdatert

12.12.2025, kl. 12.00