To veker har kommuneadvokaten i Bergen brukt på å finna ut om kommunen skal gje innsyn i ein korrespondanse mellom eit verneombod og ein journalist.

Det er ganske oppsiktsvekkande.

Bakgrunnen er ein anonym person som har kravd innsyn i dialogen mellom verneombod May Britt Kindem og ein journalist i Bergens Tidende.

Sjølv om verneombodet har motsett seg at nokon skal få innsyn i e-postar og tekstmeldingar som ho har sendt til avisa, har ho fått beskjed om å senda frå seg korrespondansen, slik at byrådsavdelinga kan vurdera om det er grunnlag for å gje innsyn.

Saka er ekstra pikant fordi Kindem i forkant av dette leverte eit varsel mot kommunaldirektør Belén Birkenes, som er den øvste administrative leiaren i byrådsavdelinga.

Det skjedde etter at BT avslørte at ein mellomleiar i byrådsavdelinga, mot sin vilje, vart omplassert til ei anna byrådsavdeling etter ein alvorleg glipp.

Det var etter at verneombodet nekta å overlevera dokumenta at byrådsavdelinga bad kommuneadvokaten om å vurdera saka.

Verneombod May Britt Kindem nektar å gje vidare dialogen ho har hatt med Bergens Tidende.
Foto: EIRIK HAGESÆTER

Dette har ført til at spekulasjonane har hagla: Er det snakk om hemn fordi verneombodet varsla mot kommunaldirektøren? Er det eigentleg leiinga i byrådsavdelinga som vil sjå korrespondansen mellom verneombodet og BT? Er det ein fryktkultur i kommunen?

I denne samanhengen er det best å la alt dette ligga. La oss heller ta for oss det me veit.

At saka har lagt på bordet til kommuneadvokaten i to veker er ganske interessant.

Med mindre saka vert trenert eller kommuneadvokaten har tatt tidleg juleferie, noko ingenting tyder på, må me velja å tru at grunnen er at den juridiske vurderinga ikkje er beint fram.

Juss kan vera utfordrande greier. Eit lovverk vil aldri kunna vera presist nok til at ein i eit kvart tilfelle kan setta to strekar under eit svar.

Det står ikkje i klartekst i offentleglova om dialog mellom kommunalt tilsette og media er omfatta av lova, eller ikkje. Det står heller ingenting om verneombodet er omfatta av lova.

At saka kan vera komplisert juridisk, betyr likevel ikkje at dette er ei veldig vanskeleg sak.

Nokre enkle kontrollspørsmål burde gjera det ganske enkelt for byrådet å landa på ei fornuftig avgjerd:

Første spørsmål: Bør eit verneombod kunna ha fortruleg dialog med ein journalist?

Svaret er definitivt ja. Verneombodet sin jobb er å seia ifrå om forhold som kan vera problematiske på ein arbeidsplass. Verneombodet har ikkje berre rett, men plikt, til å seia ifrå om noko kan vera kritikkverdig.

I tillegg til å varsla internt, er det å varsla pressa ein naturleg del av denne rolla.

Dersom andre kan få innsyn i denne dialogen, set ein verneombodet ut av stand til å gjera jobben sin.

Ein kvar kommunal leiar bør legga til rette for at verneombodet skal kunna gjera jobben sin, sjølv om det kan vera ubehageleg for den kommunale leiaren

Andre spørsmål: Bør kommunale leiarar krevja å få sjå verneombodet sin dialog med pressa, for å kunna vurdera om det er rett å gje innsyn?

Svaret er definitivt nei. Om verneombodet skal kunna gjera jobben sin, må både verneombodet sjølv, men òg andre tilsette i kommunen, kunna stola på at kommunale sjefar ikkje kan snoka i verneombodet sine korrespondansar.

Dette handlar òg om rolleforståing som er heilt avgjerande for kommunale leiarar. Berre ved å be om å få sjå dokument som verneombodet ikkje vil visa fram, beveger leiaren seg inn på i eit minefelt.

Nettopp denne saka illustrerer kvifor. At verneombodet faktisk varsla mot kommunaldirektøren berre understrekar at dette er ein korrespondanse som alle overordna i byrådsavdelinga bør halda seg langt unna.

Tredje spørsmål: Kan offentleggjering av korrespondansen, eller kommunen sine undersøkingar, svekka det journalistiske kjeldevernet?

Ja. Definitivt. At kjeldevernet er ivaretatt er i utgangspunktet pressa si oppgåve. Det handlar til dømes om å verna den som har komme med informasjon, til dømes mot represaliar frå arbeidsgjevar.

Å undersøka innhaldet i dialogen mellom verneombodet og pressa vil kunna oppfattast som utidig kjeldejakt frå kommunen si side.

Sjølv om det er pressa sitt klokkeklare ansvar å beskytta kjeldene sine, er det ikkje noko kommunal oppgåve å driva kjeldejakt.

I sum burde alle desse tre kontrollspørsmåla peika i same retning.

Nemleg at kommunen gjer klokt i å ikkje gå inn i korrespondansen mellom journalisten og verneombodet, og dermed avslå innsynskravet.

Om den som har kravd innsyn ikkje er fornøgd med den avgjerda, kan avslaget klagast inn til statsforvaltaren eller sivilombodet.

Det er noko kommunen gjer heile tida. I langt mindre problematiske saker.

Både omsynet til verneombodet, intern rolleforståing, og omsynet til kjeldevernet og journalistikken tilseier at kommunen ikkje bør vurdera innhaldet i denne dialogen.

Utvalg for helse og sosial i Bergen kommune hadde i dag høring om bostøtte etter feilene som er kommet frem de siste månedene. 

Belén Birkenes 
Belen Birkenes

Kommunaldirektør Belén Birkenes.
Foto: EIRIK HAGESÆTER

I staden skubbar byrådet jussen framfor seg. I tillegg til å svekka verneombodet si evne til å gjera jobben sin, opnar kommunen opp for ein flaum av spekulasjonar.

I beste fall handlar denne saka om kommunale leiarar som ikkje har tenkt seg om. Me kan likevel ikkje utelukka at saka er langt meir alvorleg. Er det eigentleg slik at leiarane i byrådsavdelinga ønskte å få sjå dialogen verneombodet hadde med pressa?

Uansett er det kommunale leiarar som ikkje har greidd å tenka klart i denne saka. Uavhengig av kva den juridiske vurderinga til kommuneadvokaten endar opp med, bør den øvste sjefen i Bergen kommune no setta skapet på plass.

Christine Meyer må vera veldig tydeleg på at kommunen ikkje tar lett på den krevjande rolla til verneomboda i kommunen, og at byrådet ønsker at verneomboda skal stå fritt til å ha fortruleg dialog med både tilsette i kommunen og pressa.

Derfor bør Meyer gje tydeleg beskjed om at kommunale leiarar ikkje skal snoka i dialogen mellom kommunalt tilsette og pressa, og at det derfor ikkje er forsvarleg å vurdera om slik dialog er offentleg eller ikkje.

I 2022 ropte ytringsfridomskommisjonen varsku om ytringsfridomen i norsk arbeidsliv generelt, og innan offentleg sektor spesielt. I rapporten kjem det fram at urovekkande mange kommunalt tilsette er redda for å seia ifrå om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen.

Det vert langt på veg peikt på ein ukultur i norsk arbeidsliv. Ein ukultur som minner om den ukulturen som enkelte har hevda at finst i Bergen kommune.

At verneomboda skal kunna gjera jobben sin er siste skanse i denne samanhengen. Om tilsette ikkje vågar å snakka med verneombodet og verneombodet ikkje vågar å snakka med pressa, er me ille ute.

I Bergen kommune er dette til sjuande og sist Christine Meyer sitt ansvar. Uavhengig av jussen må byrådsleiaren no visa at ho er ein leiar med ryggrad.