Gustav Hult, Kenneth Rosén og Kevin Knappen.
Når Bryne FK bikkar 100 år i april 2026, er det berre desse tre som har makta å ta Bryne opp i den øvste divisjonen av norsk fotball.
Hult, ein gammal Viking-spelar jobba i amatørane si tid. Rosén hadde godt med midlar ved inngangen til 2000-talet. Knappen har gjennom sine år klart å ta eit middels OBOS-lag opp i Noregs gjævaste selskap.
Det vart med det eine året, men om ein har litt lengre perspektiv så hadde han den brattaste bakken å gå opp. For fem sesongar sidan sat me alle isolerte og såg Bryne i PostNord ligaen.
No har me hatt ein sesong i eliteserien, ein ting det berre var gamle og halvgamle som hugsa frå sist gong.

Les også
Grødem trolig ferdig i Bryne
Jamne med Brusand
Aldri i den moderne Bryne-soga, eg må innrømme at eg ikkje heilt hugsar 1940-talet då Brusand kunne utfordra Bryne, så har ein trenar kome til klubben med ein brattare motbakke. Eg veit det av di eg var der då han vart presentert.
Det var knappast eit spørsmål om kven han var og kva han ville. Det einaste presentasjonen handla om var at trenaren skulle vere ein annan.
Knappen har rett nok køyrd ein tung veg. Det har vore periodar med fem-seks tap på rad. Det har vore periodar med glede og jubel. Men etter at han fekk sett sitt lag, så har han altså leia laget til ei kvalifisering og eit direkte opprykk.

Knappen har fått gjennomgå for kvart tap og nærast kvar offside. I Bryne-fora på internett trur dei at Bryne skulle feia gjennom Eliteserien og omtrent vere klar for ein Europaliga i 2026, skriv Asgeir Ueland.
Foto: Jan Kåre Ness/NTB
Fake news
Og det med eit lite og smalt budsjett. Med lag som knappast har stjerner. Med lag kor namna på spelarane stort sett var ukjende før dei kledde på seg den raude drakta.
Dei har ikkje briljert, men snarare vore eit kollektiv utan store stjerner.
Likevel har det vore ein vedvarande negativitet frå den såkalla fansen. Den andre fansen, dei som utgjer fleirtalet, har stort sett ikkje gidda å sei noko. Dei er ikkje tuna inn til støyen frå sosiale media.
Der inne, inne i fora, kan ein lesa fake news og konspirasjonar. Der har Knappen fått gjennomgå for kvart tap og nærast kvar offside. Der trur dei at Bryne skulle feia gjennom Eliteserien og omtrent vere klar for ein Europaliga i 2026.
Vil du se neste video?
Var fiaskoen mot Aalesund Kevin Knappens siste kamp på Bryne stadion? Slik svarer treneren3:47
Ørjan Grødem var svært skuffet etter det Bryne serverte da de tapte 4-0 i første kvalik-kamp på hjemmebane mot Aalesund søndag.
Jarnregel og bonusår
Slik er det sjølvsagt ikkje. I den moderne fotballen er det over tid ein jernregel som tilseier at dei med mest pengar kjem høgast på tabellen.
Jau, det kan hende at det skjer under, og underet på Bryne skjedde i fjor.
Det var og er klubbleiinga klar over. Hans Øyvind Sagen sa det rett ut. Han skulle sagt det i kvart intervju i ettertid, av di folk ikkje hugsar frå tolv til middag, som mi gamle mormor sa det.
Det Sagen sa var: 2025 vert eit reint bonusår.
Aldri i den moderne Bryne-soga har ein trenar kome til klubben med ein brattare motbakke
Perspektivlaust
Nettopp det er perspektivet ein burde hatt med seg inn i den sesongen som enda med ein 1–0 siger i Ålesund. Men, nei, perspektiv er ikkje naudsynt. Det handlar om å lage mest mogleg støy.
Det handlar om å knuse dass i Stavanger. Det handlar om å spreie usanne rykte i sosiale media. Det handlar om at Time-sokna aldri er nøgde – aldri.
I det landskapet skal ein ta med seg at Bryne sin suksess dei siste åra stort sett har kome frå folk som ikkje soknar til Bryne. Ein austlending har leida styret. Ein austlending har leida dei opp i eliten. Og ein Sandnes mann har styrt skuta gjennom økonomiske utfordringar.

Les også
Jærbladet erfarer: 18 spillere ville fjerne treneren
«Alle må gå»
Han har lagt grunnlaget for at klubben ikkje er nesten konk i januar. Men desse må altså gå no. Alle må gå, skriv dei i fora på internett.
Der inne forsterkar dei støyen. Hendinganes larm vert sterkare for kvar kamp. Og dei forventar at alle går. Det gjeld òg Roger Eskeland, og alle andre som har skapa mykje ut av lite dei siste fire sesongane.
Dei vil ha blod. Dei vil sjå henginga på torget, mest som folk gjorde før sporten tok over for offentlege avrettingar, og sporten skulle sivilisera verda.

Les også
Haaland etter Bryne-avsløringene: – Ke i adle dage så skjer?
Blodtåka
Ofte, når ein sveiper innom, lurar ein oppriktig på om det som kjem ut i slike fora verkeleg er Noreg i dag. Det er sjølvsagt internett sin feil. Lukkelegvis dekka eg Bryne i ei tid kor folk tok ut frustrasjonen på pub.
Kor folk tala andlet til andlet og ikkje berre pøste ut halvkveda viser på internett.
Det er kvardagen til den moderne fansen. Dei perspektivlause. Dei hatande. Dei som meler si eiga kake med å egga opp likesinna og kan alt om korleis fotball er. Når slikt kjem frå andre land omhandlar det stort sett kor galne folk er der over.
Lokalt er det mat for nye artiklar i pressa, kor desse «ekspertane» stadig vert lyfta fram i media som noko sant frå folkedjupet.
Så kan me spørje oss sjølve om denne dynamikken er leveleg på sikt.
Vil du se neste video?
Var fiaskoen mot Aalesund Kevin Knappens siste kamp på Bryne stadion? Slik svarer treneren3:47
Se intervju med Brynes Lars Erik Sødal etter 0-4-tapet for Aalesund i første kvalifiseringskamp.
Historisk opptur
For det Kevin Knappen har gjort gjennom sine fire sesongar i Bryne er i historisk perspektiv enormt. Det var ingen normale menneske som trudde laget skulle spele i Eliteserien i år.
Det har vore eit eventyr, ein draum og nokre gonger skuffande tap med små marginar.
Eg veit ikkje om Knappen gidd å trener Bryne neste sesong. Eg tippar han vert henta av ein klubb høgare oppe. For der ute forstår dei kva han og teamet har gjort.
Og så, no etter sesongslutt, så er Bryne attende der dei høyrer heime. Dei er attende på nivå to.
Eit nivå dei stort sett har vore på sidan norsk fotball vart spela av amatørar. Det er sanninga. Det er røyndommen. Takk for eventyret
Det som kjem etter Knappen tenker eg vert meir av det me har vorte vane med. Men sanne fans omfamnar desse skuffelsane. Det er ein del av gamet om ein ikkje er ein klubb med fleire titals millionar i banken.
Det er ikkje Bryne, den gamle moroa var oftast finansiert med lånte pengar. Og nett der ligg håpet om ein kvalik og to i framtida. Men inntil då får me nyta smertene.
Og leva med den tragedien det tras alt er å ha vald laget i raudt og kvitt. Så får dei andre berre larma vidare, perspektivlause, med enkle ord og krav etter kvart tap om at alle må gå.
Takk for eventyret, Kevin Knappen.
