Maren Hjelmeset Kirkeeide, med startnummer 60, fekk ein god start verdscupsprinten i skiskyting då det vart fem treff på liggande skyting. Ut på mellomrunden var ho 10 sekund bak Lou Jeanmonnot frå Frankrike.
Den franske løparen leverte også feilfri skyting på den ståande skytinga.
– Med fullt hus her (på Maren) så blir det jakt på sisterunden, sa TV2-kommentator Stoltenberg.
Og det såg lovande ut. Dei fire første skota var feilfrie, men på det femte kom det ein strafferunde. Med fullt hus ville Markaneløparen vore i tet, men i staden vart det 150 ekstra meter i strafferunden. Ut på sisterunden var det 21,7 sekund opp til teten, men berre 2,9 sekund bak andreplassen.
Hjelmeset Kirkeeide gjekk ein sisterunde det lukta svidd av der ho tok inn seks sekund, og ho gjekk i mål til ein førebels andreplass, 15,3 sekund bak Jeanmonnot.
Det stod til slutt om tidelar i høve andre- eller tredjeplass på Kirkeeide. Denne gong gjekk det i favør av Kirkeeide då Anna Magnusson frå Sverige kom 0,8 sekund bak.
– Eg følte eg hadde skikkeleg god kontroll, så det er ekstra kjipt på det siste skotet. Eg var nok litt for rask på avtrekkaren, sa mellom anna Hjelmeset Kirkeeide, som også hadde nest beste langrennstid, til TV2 etter løpet.
– Ho kan ta medalje i OL, sa TV2-ekspert Petter Northug.
På herrane sin sprint tidlegare på dagen vart verdscupleiar John-Olav Smørdal Botn frå Stårheim beste norske på ein fjerdeplass, 9,1 sekund bak vinnaren Tommaso Giacomel frå Italia.
Laurdag er det stafettar i Hochfilzen, medan jaktstarten går søndag.