Natt til laurdag fekk 110-sentralen melding om ulykka.

Kvinna, i 20-åra, var oppegåande då naudetatane kom til staden. Ho opplyste om smertar i brystet, og blei tatt med av ambulanse til legevakta i Florø frå staden.

Bilen hennar skal hatt store materielle skadar etter å ho hamna i motgåande køyrefelt vest for Helgøytunnelen, treft fjellveggen, gått tilbake over vegen og stansa i autovernet på andre sida.

Det er 80-sone på staden.

– Det er opplyst per no at vassplaning er ein medverkande årsaka til hendinga. Politiet gjer undersøkingar på staden, melde Vest politidistrikt i natt.

Vegen var stengd i ein times tid etter ulykka til bilbergar hadde fått bilen vekk. Det låg og bildelar i vegen. Vegen opna att like etter kl. 02.

Entreprenør er varsla og send til staden for å undersøke skadane på autovernet.

Det er ingen mistanke om ruskøyring. Førarkortet blei heller ikkje tatt.