Tusenvis av menneske var laurdag samla på Ølbergstranda i Sola kommune. Målet var å setja verdsrekord i isbading.
Fram til klokka 11 var den gjeldande rekorden 2.461 badande. Då forsøket var over, og alt var talt opp, viste det seg at 3.134 vinterbadarar hadde klart å stå med vatn til midja i eitt minutt – som var kravet.
Vatnet var nesten for varmt til at rekordforsøket kunne bli noko av, men det gjekk akkurat. Vatnet heldt ein temperatur på 9,9 grader. Grensa for når eit bad kan kallast isbad, er 10 grader.
Badar i Lauvtjødna
Blant dei som var med på å bada, var ekteparet Astrid Apalset Vassbø og Knut Vassbø frå Bjerkreim. Dei er rutinerte heilårsbadarar begge to, og dei badar til vanleg i Lauvtjødna – like ved der dei bur.
– Me badar iallfall ein gong i månaden, fortel Astrid.
Ho fortel at det var ho som ville begynna med heilårsbading. Ektemannen meinte at ho ikkje burde bada aleine, og dermed blei han òg med på badeturane. Og når han først hadde blitt med ut, kom han fram til at han like greitt kunne hoppa uti – han òg.
Astrid seier følgjande om kvifor vinterbadinga har blitt ein vane:
– Når me går bortover til vatnet, lurer me alltid på kvifor. Men du blir euforisk etterpå. Kroppen får eit sjokk.
Mange som skulle uti
Under verdsrekordforsøket på Ølberg blei badarane sleppte uti i puljer, fortel Astrid. Ein skulle ha vatn til livet. Men både Astrid og Knut blei pressa nokså langt ut, sidan det var mange menneske som skulle uti.
– Og me var uti ganske lenge, fortel ho.
Det kom nokon bølgjer òg, som slo ganske høgt opp på dei kalde kroppane deira, kan ho fortelja.
– Men det var veldig kult, konstaterer ho.
Ho understrekar at det var dykkarar uti, som hadde til oppgåve å passa på at alle klarte seg greitt under rekordforsøket.
– Det tok ganske lang tid å bli varm i tærne igjen etter badet. Men det var utruleg kjekt, og alle bare smilte.