Tidlegare i desember spurte vi lesarane våre kven dei tykte fortener Fjukens julekorg. Vi fekk inn mange gode nominasjonar – rundt 20 ottadølar vart trekte fram av folk som set pris på dei.
Etter ein gjennomgang i redaksjonen, vart det klart at korga går til Eva Amalie Valseth frå Vågå. Ho har gjennom fleire år lagt inn ein svær innsats for det tilrettelagte handballaget Lykkelaget, til glede for så mange i heile Ottadalen. Det var også ho som starta opp laget i 2023.
Les òg:Kven fortener Fjukens julekorg?
Open
Vinteren 2024 spelte Lykkelaget kamp mot Skjåk-skinkain i Utgard. Foto: Ola Rossehaug / Arkiv
Det er ein glad mottakar som møter Fjuken i Vågåhallen for å få overlevert korga.
– Eg vil seie tusen takk til dei som har nominert meg, eg er utruleg glad for at eg fekk denne – det set eg stor pris på. Eg vil også takke alle støttespelarar, og alle som er med og bidreg inn i Lykkelaget.
Valseth ynskjer å dele korga med Line Olsen, som har vore med som trenar for Lykkelaget heilt sidan oppstarten.
– Ho er ein minst like stor del av dette. Eg kan ikkje drive Lykkelaget sjølv – eg må jo ha med meg trenarar. Det er godt å ha einkvan som er fast, og som er med over fleire år. Så eg er takksam for trenarane som har vore med, og for Line som framleis er med.
Starta for dottera
I haust var det to år sidan Valseth starta opp Lykkelaget.
Utgangspunktet for det heile, var dottera hennar, Lilly.
– Eg har ei dotter med diagnose. Frå ho starta å spela handball, har ho vore heldig og hatt trenarar som har teke ho med på laget og inkludert henne. Ho har hatt lagveninner som har invitert henne inn i laget også, og tilpassa og gjort slik at ho fekk spele.
Etter kvart vart imidlertid spriket større og større, med tanke på kva ho fekk til, og kva som var venta at ein skal gjere på ei bane.
– Så da ho sjølv ynskte, «Åh, tenk om eg kunne spelt ein heil kamp» – da byrja tankene om at her må eg faktisk ordne eit lag til henne.
Startar Lykkelaget i Vågå- Lilly gler seg til å endeleg kunne spela ein heil kamp
Frå oppstarten i 2023. Frå venstre: Lilly Valseth, Eva Amalie Valseth og Celin Skålsveen Sveahaugen. Foto: Kari Margot Odnes / Arkiv
Valseth vedgår at ho var ganske spent på kor mange som kom til å møte opp på fyrste trening.
– Eg trur det var fem som møtte opp, og eg hugsar at eg tenkte i forkant, at blir vi rundt fem, er det ganske bra.
I dag anslår ho at det er om lag 12 spelarar på kvar trening, og rundt 20 namn totalt på lista. Dei har trening to gongar i veka – måndagar i Lom, torsdagar i Vågå. Enkelte er med berre i Lom, andre er med berre i Vågå, medan somme er med båe plassane.
Eva Amalie Valseth og Emilie Lund på kamp i Gausdal. Foto: Privat– Berre ei glede og lykke
Sjølv om Lilly nå er på folkehøgskule, deltek Eva Amalie Valseth stort sett på kvar einaste trening og kvar einaste kamp. Alt arbeidet er heilt friviljug.
– Du bruker svært mykje tid på det, da?
– Ja, det gjer eg. Men det er verdifullt. Det er viktig å halde dette ved like, sjølv om dottera mi ikkje er med som ein aktiv spelar per i dag. Eg ser kor mykje det betyr for spelarane, så nei – det er berre ei glede og ei lykke å vere på trening.
Valseth fortel om treningar med mykje latter. Dei flirer med kvarandre, og nokre gongar av kvarandre. Ein og annan artig kommentar kjem det òg.
– Vi koser oss jælma på trening. Har eg hatt ein tung dag på jobb, gler eg meg til å gå på trening med Lykkelaget – da veit eg at det blir skøy, smiler Valseth.
– Får oppleve å ha det godt
Lykkelaget har enda opp med å bety meir enn det Valseth hadde venta da ho starta det opp i 2023.
Til dømes har ho fått attendemeldingar om spelarar som står opp og har på seg drakta si heilt frå morgonen av, om dei veit dei skal på trening om kvelden. Det er tydeleg at dei gler seg.
– Fleire seier at dei har fått noko å sjå fram til. Dei har fått nye venskap, og er ein del av ein gjeng. Og dei gjer noko som alle andre menneske i samfunnet gjer: Dei har ein aktivitet og eitkvart å gå til. Dei får ein grunn til å seie at, «Nei, det passar ikkje for meg den dagen, eg skal på kamp». Dei får oppleve noko som alle andre også får, og det er viktigare enn det ein kanskje trur og tenkjer over.
– Spelarane på Lykkelaget har fått nye venskap, og er ein del av ein gjeng, seier Eva Amalie Valseth. Foto: Ola Rossehaug / Arkiv
Sjølv med 20 namn på lista, er det framleis plass til fleire på laget, seier Valseth.
– Eg vonar folk ikkje er redde for å kome og bli med. Mange har kanskje dårleg erfaring frå gym, eller andre aktivitetar dei har vore med på, der ein ikkje heilt har fått vera med. Der det ikkje har vore godt nok lagt til rette, slik at ein har fått oppleve meistring.
På Lykkelaget er det fokus på nettopp det, seier ho.
– Her kan du kome som den du er, og du skal få oppleve å ha det godt.
Fullt trøkk og stormande jubel
Lykkelaget opplever eit voldsomt engasjement frå lokalsamfunnet. Når dei speler kamp i Hjerteligaen, er det alltid kampane i Vågå som har flest folk i publikum.
– Her har vi stappfull tribune, medan på bortekamp, er det kanskje 10–20 personar som ser på, utanom dei som speler. Så eg har fått attendemelding om at det er skikkeleg kult å spele i Vågå, for her er det fullt trøkk og stormande jubel i publikum.
Stort engasjement for Lykkelaget. Foto: Ola Rossehaug / Arkiv
I vår reiste ein gjeng på 35 personar, med både spelarar, trenarar og følgjepersonar, til Bærum for å delta på Vivil-leikene. Planen er å reise dit neste vår også.
– Vi samlar inn pengar for å kome oss dit, og ser at det er stor velvilje blant folk. Det er eg takksam for.
Framover ynskjer Valseth å utvide tilbodet, og få til open hall i tillegg til handballen.
– Eg ser jo at handball ikkje er for alle, sjølv om vi legg til rette for alle. For somme er kanskje ikkje interessa der. Eg kunne tenkje meg å få til aktivitetar som kanskje kan få fleire inn i aktivitet, for eg ser kor viktig det er.
Spelarane i Lykkelaget hatt stor utvikling og framgang sidan oppstarten, ifylgje Valseth.
– Det er skikkeleg artig å sjå. Så eg tenkjer at dersom ein får til fleire aktivitetar, får ein famna om enda fleire.
Valseth har altså planane klare.
– Eg har berre ikkje fått sett dei i verksemd enda, skrattar ho.
– Men det blir nok.
High five! Eva Amalie Valseth og Martin Mundal under kamp mot Skjåk-skinkain. Foto: Ola Rossehaug / Arkiv